Historia til Sandane Småbåtlag I samband med oppstartinga av laget sine heimesider ønskjer vi å presentere historia til Sandane Småbåtlag på desse sidene. Til det treng vi god hjelp av medlemane. Er det einkvan som har noko å bidra med, til dømes god husk, bilder, tekst eller tips om ein dugande historieskrivar som kan ta jobben, så ta kontakt med Eyolf Johnsen (Webmaster for heimesida) webmaster@ssl.nordfjord.net eller Ragnald Søreide rsoreide@hotmail.com . . Sending av bilder o.l. kan avtalast med Eyolf Johnsen.

Jula 2007 . Biletet, som blei brukt som julehelsing på båtlagets websider dette året, er teken ein Februardag i 2004. Det viser gamle båtnaust ved utløpet av Storelva i Gloppefjorden, Nordfjord.


Jula 2006 . Gamalt julekort som blei brukt som julehelsing på båtlagets websider dette året.

Gammalt bilete av Sandane med Kattahamrane i forgrunnen (kopi av postkort fra samlinga til han Svein Rygg).

|
|
|