image

Oppslagstavla
Her på den elektroniske oppslagstavla til Sandane Småbåtlag finn du viktig og aktuell informasjon om kva som skal skje og kva som har skjedd, møtereferat etc. Det siste nye ligg alltid øvst på sida. Gammalt nytt blir fjerna etterkvart. Oppslag av historisk interesse, som for eksempel referat frå styremøte og årsmøte blir arkivert i eit historisk arkiv som du alltid vil få tilgang til fra disse sidene. Frå linkane nedanfor, klikk deg inn på oppslagstavla  og les om:

image

Har du planer om å ta fritidsbåtskippersertifikat ?
Referat styremøte Sandane Småbåtlag 220310
Referat årsmøte Sandane Småbåtlag 2009
Revidert årsmelding for Sandane Småbåtlag 2009
Sakspapirer til årsmøte 2009 i Sandane Småbåtlag
Referat fra styremøte 17. Februar 2010 i Sandane Småbåtlag
Referat fra styremøte 09 September 2009 i Sandane Småbåtlag
Melding om båtopptak høsten 2009
Referat fra årsmøte 2008 i Sandane Småbåtlag
Referat fra styremøte 14 Mai 2009
Årsmelding og budsjett 2008
Innkalling til årsmøte 2008
Referat frå styremøte haldne i perioden Mai 2008 til Januar 2009
8 seglskuter kjem til Sandane i August
Referat frå årsmøtet 2007
Nytt frå årsmøtet 2007 i Sandane Småbåtlag
Nytt om båtførarprøva (lagt inn 9 Mars 2008)
Innkalling til årsmøte Onsdag 12. Mars 2008
Årsmelding for Sandane Småbåtlag 2007
Referat frå styremøte 05. Februar 2008
Referat frå styremøte 13. Januar 2008
Referat frå styremøte 03. Oktober 2007
To båtførarkurs skal gjennomførast i Gloppen i haust
Referat frå styremøte 13 August 2007
Flytande båtmesse på Sandane 25 August 2007 
Referat frå styremøte 04. Juni 2007 
Referat frå årsmøte 2006, Sandane Småbåtlag. 20 Mars 2007
Referat frå styremøte 12. Mars 2007
Referat frå styremøte 19. Februar 2007
Innkalling til årsmøte Tysdag 20. Mars 2007 
Referat frå styremøte 22. Januar 2007.
Bilete frå årets siste båttur
Referat frå styremøte 01. November 2006 (lagt inn 12 November 2006) 
Referat frå styremøte 28. August 2006 (lagt inn 28. September 2006)
Sundag 27. August 2006 skal Holvikjekta feire 125 år
Ny brygge på plass i byrjinga av September 2006 (lagt inn 3. August 2006)
Klipp frå styremøte 26 Juni 2006 om utvidinga av småbåthavna (lagt inn 29. Juni 2006)  Referat frå ekstraordinært årsmøte 13.06.06 (lagt inn 19. Juni 2006) 
Referat fra styremøte 12.06.06 (lagt inn 19. Juni 2006)
Referat fra pinseturen 2006 (lagt inn 13 Juni 2006) 
Referat frå styremøte 30.05.06 (lagt inn 13 Juni 2006)
Ekstraordinært årsmøte (lagt inn 31 Mai 2006) 
Referat fra styremøte 22.05.06 (lagt inn 31 Mai 2006)
Referat fra årsmøte 2005, Sandane Småbåtlag (lagt inn 31 Mai 2006  
Referat fra styremøte 24. April 2006 (lagt inn 8 Mai 2006)
Bilete frå årets første båttur 2006     
Medlemmene sine e-post adresser (lagt inn 25. April 2006) 
Årsmelding 2005 for Sandane Småbåtlag (lagt inn 24. April 2006) 
Referat fra Styremøte 27. Mars 2006 (lagt inn 18. April 2006) 

 

Har du planer om å ta fritidsbåtskippersertifikat?
Båtlaget er blitt kontaktet av Arne Eikenes med anmodning om å hjelpe til med å markedsføre muligheten til å ta fritidsbåtskippersertifikat lokalt (Måløy) her i Nordfjord. Han er selv svært interessert i å ta dette sertifikatet.

Kurset arrangeres av Sikkerheitssenteret i Måløy høsten 2010. Det fører fram til sertifikat som gir rett til å føre fritidsbåter over 15m, og inntil 50 BT i fartsområde stor kystfart.

Søknadsfrist er 20. August med kursstart 4 September 2010 med 4 helgesamlinger utover høsten.

Invitasjon til kurs-fritidsbåtskipper D5L finner du vedlagt her (i PDF-format).
Du finner også informasjon om fritidsbåtskippersertifikatet på sidene til Sjøfartsdirektoratet.

Referat styremøte Sandane Småbåtlag 220310
Her finner du referat fra styremøte i Sandane Småbåtlag 220310.

Referat årsmøte Sandane Småbåtlag 2009
Her finner du referat fra årsmøte Sandane Småbåtlag 2009. Årsmøtereferatet er i PDF-format.

Revidert årsmelding for Sandane Småbåtlag 2009
Her finner du en revidert årsmelding for Sandane Småbåtlag 2009. Årsmeldingen er i PDF-format.

Sakspapirer til årsmøte 2009 i Sandane Småbåtlag
Her finner du alle sakspapirene til årsmøtet i Sandane Småbåtlag SSL som avholdes 22 Mars 2010. Følgende sakspapirer er lagt ut i PDF-format:
- Innkalling årsmøte 2009 i SSL
- Budsjett 2010 i SSL
- Årsmelding 2009 for SSL
- Revisjonsmelding 2009 for SSL
- Rekneskap 2009 for SSL


Referat fra styremøte 17. Februar 2010 i Sandane Småbåtlag
Du kan lese møtereferatet i PDF-format her.

Referat fra styremøte 9. September 2009 i Sandane Småbåtlag
Du kan lese møtereferatet både i Word-format og PDF -format.


Melding om båtopptak med mobilkran høsten 2009
Fra Jan Helge Bolseth har vi fått tilsendt melding om båtopptak høsten 2009. Endelig dato er satt til Lørdag 24 Oktober. Oppmøte er senest kl 08.00 om morgenen.

Vi tar det som "en liten dugnad" og hjelper hverandre med opptaket.

Kart med rekkefølge og plassering er vedlagt i PDF format. De som ikke står på kartet og som ønsker opptak av båten sin, kan ta kontakt med Jan Helge på telefon 90 83 36 37. Pris pr båt er kr 800,-.

Husk å ha klargjort båt og krybbe i god tid.

Her finner du kart i PDF-format.


Referat fra årsmøte 2008 i Sandane Småbåtlag
Her kan du lese referatet fra årsmøtet 2008 for Sandane Småbåtlag som ble avholdt 21. April 2009 i Trivselshagen på Sandane. Du kan lese årsmøtereferatet både i Txt og PDF-format.

Referat fra årsmøte 2008: Txt-format    PDF-format


Referat fra styremøte 14. Mai 2009
Fra Olav Søreide har vi fått tilsendt referat fra styremøtet som ble avholdt 14. Mai 2009. Du kan lese møtereferatet både i Word og PDF-format.

Styremøte 14. Mai 2009:  Word-format   PDF-format


Årsmelding og budsjett for Sandane småbåtlag nå lagt ut på nettet
Her kan du lese årsmeldingen for 2008 og budsjettet 2008/2009. Du kan lese dem både i Word, Excel og Word format.

Årsmelding 2008 :  Word-format         PDF-format
Budsjett 2008/09 :  Excel-format        PDF-format  



Innkalling til årsmøte 2008

Sandane, 17. mars 2009

INNKALLING TIL ÅRSMØTE 2008

Du vert med dette kalla inn til årsmøte i Sandane Småbåtlag i Kinosalen i Trivselshagen, tysdag 21. april 2009 kl 19.30.

Saksliste:
1. Val av møteleiar
2. Godkjenning av innkalling og saksliste
3. Årsmelding 2008
4. Revidert rekneskap 2008
5. Budsjett 2009
6. Satsar for medlemskontingent og hamneavgift 2009
7. Val

Orienteringsaker
" Vakthald i hamna
" Forsikringssak - skade på brygge januar 2008
" Reguleringsplan for Øyrane
Orientering om det planlagde arbeidet på området ved båthamna
" Seinare tilkomne saker

Eventuelt tilkomne saker må vere styret i hende innan 7. april 2009.

Kort oversyn over førebels rekneskap for 2008 følgjer vedlagt.
Framlegg til budsjett for 2009 og årsmelding for 2008 vert lagt ut på småbåtlaget si heimeside, http://www.ssl.nordfjord.net/ 14 dagar før årsmøtet. Den vert også delt ut på årsmøtet.

Ein del medlemmer har brukt straum til varme i båtane sine både denne vinteren og i fjor vinter utan at dei har fått krav om betaling. Styret ber om at desse les av målarane sine/stipulerer forbruket sitt og melder frå til kasserar snarast. Summen blir så fakturert saman med medlemskontingenten 2009 og eventuelt andre kostnader som skal betalast. Prisen pr kwh er 1 krone.

Kasserar:
Olav Søreide, Gloppestad, 6823 Sandane
Tlf 57 86 94 37, mobil 90 5 38 39, epost: olav.soreide@enivest.net


For styret


Sven T Rylandsholm       Kristin Fjellestad
leiar         sekretær



 
Referat frå styremøte haldne i perioda Mai 2008 til Januar 2009

13. Mars 2009
Frå styret i Sandane Småbåtlag har vi no motteke referat frå dei styremøte som er blitt haldne frå Mai i fjor til Januar dette året, til saman 5 møtereferat.
Desse referata er lagt ut i kronologisk rekkefølge her på Oppslagstavla til SSL.


Referat frå styremøte 07.April 2008, Sandane Småbåtlag

Tilstade: Sven T. Rylandsholm, Ragnald Søreide, Olav Søreide, Sigmund Vereide,
Kristin Fjellestad
Forfall: Håvard Kvandal
Oddny G. Føleide , Ann Karin Ose og Ernfred Øygard var tilstade for å informere det nye styret om aktuelle saker.


Sak 1 - Konstituering
 Det nye styret er etter konstituering samansett slik:
 Styreleiar Sven T. Rylandsholm
 Hamnesjef Sigmund Vereide
 Kasserar Olav Søreide
 Sekretær Kristin Fjellestad
 Styremedlem Håvard Kvandal
 Styremedlem Ragnald Søreide

Sak 2 - Sjøsetting
Sjøsetting er sett til 26.april. Ragnald Søreide og Jan Helge Bolseth syter for og har ansvar for mobilkran.
Før sjøsetting er det mykje som må vere i orden. Bl.a reperasjon på nye-kaia og utlegging av utliggarar. Det vert sett i gong dugnad umiddelbart for å få dette klart til sjøsettingsdatoen.

Sak 2 - Kjøp/Sal av båtplassar
 Styret blei oppdatert om kjøp og sal av båtplassar.
 Olav Søreide er kontakt og handterer dette.

Sak 3 - Reguleringsplan for Øyrane
 Ragnald Søreide orienterte om status ang evtentuell overtaking av slaktehuset.
 Han vil no skrive brev til kommunen om at reguleringsplanen er grei.

Sak 4 - Slipping
For å avlaste hamnesjefen skal det oppnemnast nokre personar til å vere behjelpelege  som kontaktpersonar ved slipping. Sigmund Vereide vil ta kontakt med nokre kandidatar.
 

Møtet slutt.


Kristin Fjellestad     Sven T. Rylandsholm
Referent      Styreleiar



Referat frå styremøte 07. Mai 2008, Sandane Småbåtlag

Tilstade: Sven T. Rylandsholm, Ragnald Søreide, Olav Søreide, Sigmund Vereide,
Kristin Fjellestad, Håvard Kvandal

Sak 1 - Gjennomgang av rapport ang skade på nye-brygga
I førekant av møtet var styret på synfaring både på brygga til ....... / ......... og brygga til Småbåtlaget. ............. var og med på synfaringa.

Det foreligg rapport frå Tveten Marinconsult. Takstmann har besiktiga brygga i lag med Håvard Kvandal 21.04.08.
Det er sett opp tre alternativ angåande kostnader med skaden.
Ein reperasjon vil aldri bli ein fullverdig reparasjon. Levetida vil bli sterkt redusert i forhold til ei uskada brygge.
På bakgrunn av dette går styret inn for alternativ 3 - Kondemnering.

Styret skal sjekke kva forsikringa dekkjer og melde skaden til forsikringsselskapet.


Sak 2 - Dugnad
 Det må monterast nytt stag på brygge D.
 Hamnesjef tek kontakt med bryggesjef og organiserer dugnad på dette.


Sak 3 - Organisering av dugnad
 Brygger:
Bryggesjefane er ansvarleg for innkalling når det gjeld dugnad på bryggene.

 På land:
 Hamnesjef tek kontakt med Einar Holmøy om framdriftsplanane for området.
 Burde vi hatt ein arbeidsformann på land?

 Fjerning av krybber: Det trengst ei påminning om hamnereglane.
 Olav Søreide finn ut kven som eig krybbene og sender ut brev.

 Sak 4 - Tall ships Races
 Det kjem inn 4 båtar ifbm Tall Ships Races 4.august.
Det skal leggast inn på heimesida til båtlaget oppmoding om at båteigarar er på fjorden denne dagen for å lage litt aktivitet.

Sak 5 - Eventuelt
" Reguleringsplan småbåthamna Øyrane Vest
Ragnald orienterte. Reguleringsplanen har vore ute på høyring.
Det er sendt inn merknad frå SSL som går på at det er vanskeleg å legge nye-brygga andre plassar enn der den ligg i dag.

" Marknadsplass på nettsida.
Det vart fremja forslag om å opprette ein marknadsplass på nettsida. Den skal innehalde kva for båtplassar som er ledige og kor store dei er. Olav Søreide er kontakt.

Møtet slutt.

Kristin Fjellestad            Sven T. Rylandsholm
Referent                           Styreleiar


Referat frå styremøte 30. September 2008, Sandane Småbåtlag


Tilstade: Sven Rylandsholm, Olav Søreide, Ragnald Søreide, Kristin Fjellestad

Sak 1 - Organisering av dugnad
Det var oppmøte i hamna der vi hadde ei synfaring.
Det fyrste som må gjerast er å få rydde på land. Ragnald tek kontakt med kommunen om riving av tilbygget til slaktehuset. Olav Søreide purrar opp dei som må fjerne krybbene som står på plassen. Når kommunen har rive tilbygget skal det organiserast ein ryddedugnad.

Det vert kalla inn til nytt styremøte der vi skal ta ein gjennomgang på organiseringa av båtlaget.

Møtet slutt.

Kristin Fjellestad            Sven T. Rylandsholm
Referent                           Styreformann


Referat frå styremøte 20. Oktober 2008, Sandane Småbåtlag


Tilstade: Sven Rylandsholm, Olav Søreide, Ragnald Søreide, Kristin Fjellestad, Håvard Kvandal, Sigmund Vereide

Sak 1 - Skade på brygge
 Orientering v/Hans Lothe
Småbåtlaget har gjort hendvending til Gjensidige om å få dekka skaden som naturskade. Det er teikna brann og naturskadeforsikring på flytebryggene. Naturskadedekninga dekker direkte skade ved bl.a storm.
Etter Gjensidige sitt syn er dette ein indirekte skade som ikkje vert dekka av forsikringa.
Kravet bør rettast mot skadevoldar som eig flytebrygga som har forvolda skaden på brygga til småbåtlaget.
Styret gjev Hans Lothe fullmakt til å utarbeide og sende krav. 

Sak 2 - Eventuelt
- Kjøp og sal av båtplassar i den nye hamna.
Når båtplassar blir selde, får no seljar oppgjer som tek omsyn til prisstigning i samsvar med konsumprisindeksen. Når vi då sel denne plassen vidare og held oss til dei satsane som gjeld, vil laget kunne tape pengar på handelen. Dette vil særleg gjelde for plassane ved den nye brygga.
Styret vedtok at det skal leggast til ei ekstra linje på kontrakta:
"Verdistigning ifht konsumprisindeks kr. …."

Møtet slutt.

Kristin Fjellestad       Sven T. Rylandsholm
Referent                      Styreformann


Referat frå styremøte 14. Januar 2009, Sandane Småbåtlag


Tilstade: Sven Rylandsholm, Olav Søreide, Ragnald Søreide, Kristin Fjellestad, Håvard Kvandal, Sigmund Vereide

Sak 1 - Utleige av båtplass
 Ein båt har lagt seg til i hamna utan løyve.
 Får ei veke frist til å forlate hamna.
 Alle som leiger ut båtplassen sin pliktar å gje beskjed til hamnesjef eller nokon i styret.


Sak 2 - Straum
Det er eit problem å få inn betaling for brukt straum pga dårleg system. Vi har ikkje oversikt over kven som brukar straum.
Dei som har båtane på vinteropplag og som skal bruke straum pliktar å installere minusmålar.
Olav skaffar opplysningar om kva som trengst av utstyr for å få montert ny tavle på slaktehusveggen. Kapasiteten skal aukast ifht det som var før.
Det vert sendt ut saman med årsmøteinnkallinga at alle som har brukt straum frå
2007- 2009  melder frå til Olav.

Det er heilt svart på nyebrygga. Det skal setjast opp nytt skåp.


Sak 3 - Utleige av båtplassar
 Den som leiger ut har ansvar. Styret foresler å endre hamnereglane, pkt 2.
 Olav lagar forslag til formulering.


Sak 4 - Økonomi
Det har vore litt dårleg likviditet i det siste. Styret har inngått avtale med banken om avdragsfri på lånet fram til juni-09.
Foreløpig viser rekneskapet for 2008 eit overskot på kr.30.000,-
Båtlaget har no 3 små båtplassar som ikkje er selde.


Sak 5 - Skade på brygge
Styret har behandla saka på nytt. Sven forfattar eit brev til Terra forsikring der vi gjer skadevoldar ansvarleg for skaden på brygga og krev oppgjer ihht takst + honorar.
SSL skal ha dekka kostnaden med å skifte ut den skada brygga.


Sak 6 - Utnytting av piren på nyebrygga
Styret vurderer utviding av nyebrygga med båtplassar på andre sida av piren. Ragnald ber om prisoverslag frå Ørsta på utliggarar.
Må ha ein plan på korleis vi sjølvfinansierer prosjektet slik at vi slepp lån.
Styret tek saka opp att på neste møte.
Sak 7 - Eventuelt
Uteområde
Kommunen har løyvd 500.000,- til plasting av fjæra.
Eli Kjær  har teikna forslag til uteområde. Ragnald set opp ei parknemnd.

Vakthald
Evaluering av vaktordninga vi hadde i sommar.
Kan setje opp port som vert stengt om natta.
Ragnald tek kontakt med Securitas for pris på låsinga av port + registrering av aktivitet på området.

Møtet slutt.

Kristin Fjellestad         Sven T. Rylandsholm
Referent                        Styreformann



Ei stor hending: 8 seglskuter kjem til Sandane i August
I samband med regattaen Tall Ships Race har 8 seglskuter meldt sin ankomst til Gloppefjorden og Sandane i tidsrommet 4 til 6 August 2008.

Sandane fungerar som ein av fleire gjestehamner i noko som er kalla Cruise in Company, eit arrangement som inngår som ein del av den store regattaen Tall Ships Race 2008. Cruise in Company innebær at dei fleste av skutene som deltek i regatten vitjar gjestehamner på transportetappa frå Måløy til Bergen.

Last ned brosjyre om Cruise in Company:
http://www.sailtraininginternational.org/uploads/images/1189502881078
_0.8335574101787426.pdf


Til no (Fredag 27 Juni 2008) har vi fått melding om at desse seglskutene vil vitje Sandane:

- Cuauhtemoc (frå Mexico) http://www.semar.gob.mx/Velero/cuauhtemoc/entrada.htm
- Kaliakra (frå Bulgaria) http://www.navbul.com/kali/mainkali.html
- Black Diamond of Durham (frå Storbrittania) http://www.sailingnortheast.co.uk/our_black%20diamond.htm
- Assarain (frå Irland) http://www.thecaptainsdaughters.com/
- Leader (frå Storbrittania) http://www.trinitysailing.co.uk/
- Tecla (frå Nederland) http://www.tecla.nl/english/index.html
- Moosk (frå Storbrittania) http://www.cremyll-sailing.org.uk/moosk_details.htm
- Jolie Brise (frå Storbrittania) http://www.joliebrise.com/

Link til Tall Ships Races 2008 http://www.sailtraininginternational.org/page.asp?partid=841
Her finn du ein oversikt over alle seglskipa som deltek i Tall Ships Race 2008
http://www.tallshipsraces.com/Vessels/Race_Entry_List_Results.asp

Link til Liverpool: http://www.tallshipsliverpool.co.uk/
Link til Måløy: http://www.tallshipsrace.no/artikkel.aspx?AId=1&MId1=4
Link til Bergen: http://www.tallshipsracesbergen.no/eng/
Link til Den Helder i Nederland: http://www.thetallshipsraces2008denhelder.nl/Default.aspx?tabid=89

Det er planlagt eit lite arrangement i Sandane sentrum  Måndag kveld 4 August i samband med vitjinga av desse seglskutene. Nærare detaljer vert annonsert seinare.

Vi oppmaner alle medlemmane i Sandane Småbåtlag til å kaste loss for å gi desse seglskutene ei fin mottaking





Cuauhtémoc er ein bark med ein besetning på 292. Dimensjonane er store, med ein LOA på heile 90,5 m. Den er bygd i Bilbao i Spania i 1981 og heitte opphaveleg Celaya. Blei seinere kjøpt av den meksikanske marine og brukas nå som skoleskip. Heimehamn er Acapulco i Mexico.




Kaliakra er ein barkskonnert med en besetning på 50. Fartøyet har en LOA på 42,8 m. Kaliakra er bygd i Gdansk, Polen i 1984.  Ho har ein besetning på 50. Eiger er Navigation Maritime Bulgare Shipping Company og ho brukast til opplæring av fremtidige offiserer i den Bulgarske handelsflåten. Heimehamn er Varna i Bulgaria.


Black Diamond of Durham

Black Diamond of Durham frå Storbrittania er ein 45 fots havseiler av typen Bowman Corsair Ocean Racer med en besetning på 10. Ho er rigga spesielt for å kunne drive opplæring i havsegling.


Jolie Brise

Jolie Brise er ein gaffelrigga los cutter bygd i 1913. Ho har vunne si klasse i Fastnet Ocean Race 3 gonger og vunne i Tall Ships Race 2 gonger. Besetning er 14. Ho er eigd, vedlikehelden og seilt av Dauntsey´s School i West Levington, Devizes - Wiltshire, England. Heimehamn er Hamble, England.




Tecla ble opphaveleg bygd (i Nederland) som ein fiskebåt av typen gaffelrigget ketch, og hadde sitt daglege virke i Nordsjøen. I 1935 ble ho utstyrt med motor, solgt til danske eigare og gjekk i kysttrafikk i Danmark. I 1980 årene blei ho kjøpt tilbake til Holland. Gjeng no i chartertrafikk. Ho har ein besetning på 16. Heimehamn er Makkum i Nederland.




Moosk er gaffelrigget, bygd i 1906 som eit lystfartyg. Det er ein av de eldste som deltek i Tall Ships Race 2008. Fartyget har ein LOA på 13,7 m og ein besetning på 10. Heimehavn er Plymuth i England. Ho drives i dag som eit skoleskip av Cremyll Sailing.


Leader

Leader er ei gaffelrigga ketch bygd så tidlig som 1892 og seilte i mange år som fiskebåt, seinere i charter og nå som skoleskip av Trinity Sailing. Ho har ein LOA på 22,56 m og ein besetning på 18. Heimehavn er Brixham i Devon, Storbrittania.




Assarain er ein 38 fots havseglar frå Irland. Eigar er Sovereign Yacht Charter, Kinsale Marina - Cork, Irland. Den er chartret og seglast av The Captains Daughters. The Captains Daughters er ein organisasjon av unge seglare og frivillige seglinstruktørar frå Storbrittania som ønskjer å heve leiareigenskaper og seglkunnskaper hjå unge  mennesker som driv med seglopplæring. Alle ombord er under 25 år.

Til båtlagets medlemmar og alle andre: MØT OPP




Referat frå årsmøte 2007, 12.03.08, Sandane småbåtlag.

Tilstade: 38 medlemmar inkl. styret.


Sak 1 - val av møteleiar
- Olav Søreide vart vald til møteleiar.

Sak 2 - godkjenning av innkalling og saksliste
- Ingen merknadar til innkallinga.
- Sakslista vart godkjent.

Sak 3 - årsmelding
- Opplest av Olav Søreide og godkjent.

Sak 4 - rekneskap og budsjett
- Olav Søreide gjekk gjennom rekneskapen for 2007.
- Det var ingen merknadar og rekneskapen vart godkjent.

- Budsjettet for 2008 vart lagt fram til orientering og diskusjon.
Dette punktet er unntatt offentlegheit.***
1. Dette punktet er unntatt offentlegheit*** 
2. Aukar medlemspengane med 200 kr for alle medlemmane i laget.
- Vedtak: framlegg 1. (Framlegg 2 vart trekt.)

- Det kom også framlegg frå salen om å auke slippavgiften til 300 kr pr slipping + 100 kr pr døgn ein ligg på slippen. Det vart ein god del diskusjon rundt dette, og årsmøtet vart ikkje einige om ei auke av avgifta på dette årsmøtet.
- Vedtak: nytt styre jobbar med saken vidare, vurderar konsekvensane av ei auke, og kjem med framlegg i saka på neste årsmøte.
- Det vart også stilt spørsmål om avskrivingar og om dette burde vore inne i budsjettet. Nytt styre sjekkar opp dette.

Sak 5 - val
- Hamnesjef, sekretær og formann tar ikkje attval og går no ut av styret.
- Følgjande vart vald inn i styret for 2 år: Sigmund Vereide, Kristin Fjellestad og Sven T. Rylandsholm. Styret konstituerar seg sjølv på første styremøte.
- Valnemnda: Per Inge Hole går ut av valnemnda og Inge Austrheim vart vald for 2 år.

Sak 6 - endring av vedtekter
- Olav Søreide har omsatt vedtektene til nynorsk og styret ynskjer at dei skal vere på nynorsk heretter.
- Vedtak: vedtektene vart godkjente og skal heretter vere på nynorsk.

- Styret hadde også framlegg til endring av § 15 i vedtektene. Styret ynskjer å få med eit tillegg om kompensasjon for prisstigning ved sal/innløysing av båtplassen.
- Olav Søreide orienterte om historikken rundt kjøp og sal av båtplassar og kvifor reglane er som dei, samt om kvifor styret ynskjer å nytte konsumprisindeksen.
- Lars Bjørkeland hadde også levert framlegg til endring av § 15, og orienterte om dette.
- Årsmøtet diskuterte deretter saken, og det kom opp enda eit framlegg til endring av § 15.
" Årsmøtet hadde dermed 4 framlegg til skriftleg avstemning:
1. Styret sitt framlegg der ein føyer til setning 2: "men med kompensasjon for prisvekst i samsvar med konsumprisindeksen."
2. Framlegg frå Lars Bjørkeland.
3. Styret sitt framlegg med ein tar vekk 6 månaders-regelen.
4. Ingen endring i vedtektene.
- Vedtak etter skriftleg avstemning: framlegg 1.

Sak 7 - kapitalinnskot 2008
- Det var bestemt at medlemmar med båtplass skal betale inn eit kapitalinnskot på 500 kr også i 2008, jfr. sak 4.

Sak 8 - vakthald i hamna
Dette punktet er unntatt offentlegheit^***

Sak 9 - reguleringsplan for Øyrane
- Ragnald Søreide orienterte. Årsmøtet var positive til det styret hadde gjort i saka så langt, og var også positive til å overta slaktehuset om dette vert aktuelt.
- Vedtak: styret får fullmakt til å jobbe vidare med saken.

Sak 10 - orientering om båtførarprøva
- Oddmund Midtkandal orienterte.
- Midtkandal Fjordservice har fått løyve frå Telenor, og ein kan no ta båtførarprøva hos dei.
- 4 kveldar teori, samt praktisk prøving med båt der ein vert kjend med ekkolodd, radar o.l.
- Framlegget om obligatorisk båtførarprøve er utsett, men eit slikt kurs er svært nyttig likevel. Ein får også billegare forsikring om ein har tatt båtførarprøva.
- Kursdatoar, båtførarprøva: 03.04, 08.04, 10.04, 15.04.
- Ein kan også gå VHF-kurs her, Helge Bjørnset er kursansvarleg og har konsesjon.

Sandane 28.03.08

Ann Karin W. Ose         Sigmund Vereide                      Sven T. Rylandsholm
referent                           medlem                                       medlem

***Medlemmer av Sandane Småbåtlag kan ved henvendelse til webmaster på e-postadressen eyolf.johnsen@nordfjord.net få tilsendt fullstendig årsmøtereferat i PDF-format.



Nytt frå årsmøtet 2007 i Sandane Småbåtlag
Kring 40 personar var tilstades på årsmøtet 2007 i Sandane Småbåtlag på Gloppen Hotell Onsdag 12. Mars 2008. Der blei det mellom anna valt ny leiar og ny hamnesjef.  Oddny Grotle Føleide (leiar) og Ernfred Øygard (Hamnesjef) stilte ikkje til val for ei ny periode. Båe to har hatt ei særs aktiv og produktiv 2 års periode i leiinga av Sandane Småbåtlag Der har dei utført eit dugande og framifrå arbeide.
Som ny Leiar blei valt Sven Tideman Rylandsholm og som ny Hamnesjef blei valt Sigmund Arild Vereide.
Vi kjem med meir informasjon når styret har konstituert seg på fyrste styremøte etter årsmøtet. Da kjem også referatet frå årsmøtet 2007.


Nytt om båtførarprøva

MB Breim
Frå heimesida til Midtkandal Fjordservice - http://www.mbbreim.no/ 

Litt historikk
I regi av Sandane Småbåtlag SSL blei det arrangert eit velluka kurs for båtførarprøva for omtrent eit år tilbake. Kurset hadde god deltaking.

Sist haust (2007) vart det  annonsert to kurs. Kursarrangør for det eine var Båtførersenter-Vest ANS (med webadresse http://www.batforersenter.no/ )og arrangør for det andre var Midtkandal Fjordservice (med webadresse http://www.mbbreim.no/ ).
Berre det eine kurset blei heldt. Midtkandal Fjordservice melder om god oppslutning. På kurset for båtførarprøva var det 11 deltakerar. Forelesar var kaptein Helge Bjørnset. Det vart også arrangert eit VHF-kurs med 4 deltakerar.

Planar framover
Sandane Småbåtlag SSL og Midtkandal Fjordservice har drøfta moglegheitene for eit kurssamarbeid. Se også artikkel i Firda Tidend (i PDF-format). Midtkandal har eit godt kurstilbod som omfattar både teori og praksis med MB Breim på Breimsvatnet. På småbåtlaget sitt årsmøte på Gloppen Hotell Onsdag 12. Mars 2008 vil Oddmund Midtkandal orientere om kurset.

Informasjon frå Sjøfartsdirektoratet
På nettsidene dil Sjøfartsdirektoratet kan du lese alt om obligatorisk båtførerbevis. Du kan også laste ned og lese siste forslag til forskrift.

Siste nytt: Obligatorisk båtførerbevis utsettes
Vi sakser frå websidene til sjøfartsdirektoratet 29.02.2008:

Nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen har besluttet å utsette den endelige avgjørelsen rundt obligatorisk båtførerbevis.

Begrunnelsen er at statsråden trenger lenger tid på å vurdere en sak som berører så mange. Prosessen rundt et mulig obligatorisk båtførerbevis startet høsten 2006, da en arbeidsgruppe fikk oppdraget med å komme med et forslag til en ordning for en obligatorisk ordning. Arbeidsgruppens innstilling har vært til behandling i Sjøfartsdirektoratet og resulterte i en forskrift som har vært ute på høring. Nå gjenstår den politiske behandlingen av saken. Sjøfartsdirektør Rune Teisrud sier at direktoratet tar utsettelsen til etterretning og at saken nå ligger til politisk avgjørelse.



Innkalling til årsmøte 2007 Sandane Småbåtlag

Sandane 8. Februar 2008

Du vert med dette kalla inn til årsmøte i Sandane Småbåtlag på Gloppen Hotell, Onsdag 12. Mars 2008 kl. 19.30.

Saksliste:
1. Val av møteleiar
2. Godkjenning av innkalling og saksliste
3. Årsmelding
4. Rekneskap og budsjett
Kort oversyn over rekneskapen følgjer vedlagt. Budsjett for 2008 blir lagt fram på årsmøtet.
5. Val
6. Endring av vedtekter
Vedtektene er omsett til nynorsk, og §15 har fått eit tillegg om kompensasjon for prisstigning ved sal/innløysing av båtplassen. Styret sitt framlegg til vedtekter følgjer vedlagt.
7. Kapitalinnskot 2008
Dei to siste åra har medlemmer med båtplass betalt inn ekstra kapitalinnskot på 500 kr pr år. Dette har styrka økonomien i laget, og det bør drøftast om ein også skal gjere dette i 2008.
8. Vakthald i hamna
Avtalen med Securitas er oppsagt, og det er utarbeidd vaktliste slik at medlemmene har tilsyn med hamna.
9. Reguleringsplan for Øyrane
Korleis skal småbåtlaget forholde seg til slaktehuset og området rundt?
10. Orientering om båtførarprøva
v/ Oddmund Midtkandal
11. Ymse

Eventuelt tilkomne saker må vere i styret i hende innan 27.Februar 2008.

Årsmeldinga vert lagt ut på småbåtlaget si heimeside, http://www.ssl.nordjord.net 14 dagar før årsmøtet.  Den vert også delt ut på årsmøtet.

Styret ynskjer å registrere medlemmar med e-post. og adressene kan sendast:
olav.soreide@enivest.net 

For styret

Oddny Grotle Føleide                                     Ann Karin W. Ose
Leiar                                                                  Sekretær


Årsmelding for Sandane Småbåtlag 2007
Årsmeldinga finner du vedlagt i PDF-format. Om du ønskjer å lese den, klikker du her .  Den vert også delt ut på årsmøtet 12. Mars 2008 kl.19.30 på Gloppen Hotell.


Referat frå styremøte 05.02.08 Tilstade: Oddny Grotle Føleide, Håvard Kvandal, Ernfred Øygard, Ragnald Søreide, Olav Søreide, Ann Karin W. Ose.
Sak 1 - Brev frå Gjestland
- Gjestland ynskjer å overdra båtplassen sin gratis til folkehøgskulen. Vi viser til §14 i vedtektene våre, og har imøtekjem ønsket til Gjestland. Sak 2 - Båtførarprøva
- Oddmund Midtkandal ynskjer å tilby båtførarprøva
- Kursstad: naustet hans ved Breimsvatnet
- Praksis med båten hans
- Vi inviterar Midtkandal til årsmøtet der han kan informere om kurset Sak 3 - Kjøp/sal av båtplassar
- Styret blei oppdatert om kjøp og sal av båtplassar Sak 4 - Årsmøtet
- Olav blir foreslått som ordstyrar, Ann Karin som referent
- Ernfred spør Sjur om han kan lage til ei lysbildeframsyning som kan synast på årsmøtet
- Økonomi: stor skilnad mellom seld og brukt straum, kva gjer vi med det?
- Vedtektene: Olav har omsatt dei til nynorsk. Han har også lagt inn ei endring i § 15 om kompensasjon for prisvekst i samsvar med konsumprisindeksen ved sal av båtplassen. Styret sitt framlegg til årsmøtet blir at ein justerar verdien av båtplassane i samsvar med 1 x konsumprisindeksen. Alle endringar i vedtektene krev 2/3 fleirtal for å bli godkjent.
- Skal dei som sit i styret sleppe dugnad i hamna? Styret sin dugnad blir arbeidet dei gjer i styret. Det vil kanskje bli lettare å skaffe folk til å sitje i styret om ein gjer det slik
- Annonse: Oddny har ansvaret for den
- Innkalling: skriftleg innkalling til alle medlemmar. Ann Karin skriv innkallinga og sender til Olav. Olav legg ved vaktliste, vedtekter og budsjett/rekneskap. Evt. tilkomne saker må vere styret i hende innan 27.02.08. Årsmeldinga blir lagt ut på heimesida vår seinast 14 dagar før årsmøtet. Den blir også delt ut på møtet. Sak 5 - Slaktehuset
- Ragnald har hat møte med Sverre Folkestad, Bjørn Aurlien og Aslaug N. Bjørlo om slaktehuset si framtid
- Småbåtlaget vil vurdere å ta over 1/3 av slaktehuset viss årsmøtet gir løyve til det
- Vi ynskjer at kommunen river taket og tilbygget, og at småbåtlaget kan hjelpe til med å legge nytt tak
- Museet er også interessert i slaktehuset
- Det må gjerast noko med uteområdet rundt huset
- Småbåtlaget kan ikkje plastre ned møt sjøen, kan kommunen ta litt kvart år hvis det blir for dyrt å gjere alt på ein gong?
- Ragnald presenterar dette på årsmøtet. Vi treng eit vedtak på om vi ynskjer å overta huset eller ikkje. Sandane 13.01.08 Ann Karin W. Ose
sekretær



Referat frå styremøte 13.01.08
Tilstade: Oddny Grotle Føleide, Håvard Kvandal, Ernfred Øygard, Ragnald Søreide, Olav Søreide, Ann Karin W. Ose.
Sak 1 - Slaktehuset
- Ynskjer vi å ta over slaktehuset? Vi får det truleg gratis. Vi bør ta det opp på årsmøtet slik at alle får uttale seg.
- Vi bør nok satse på å ta over berre den ytste delen mot den gamle hamna. Det blir for stort å ta over heile huset. Kva kan i tilfelle resten brukast til? Kanskje kommunen kan lyse ut ein idè-dugnad?
- Det er mange spørsmål knytt til ei overtaking. Vi må få ei fagleg vurdering av kva stand huset er i, kva som må gjerast og kor mykje det kostar å gjere dei ulike tinga.
- Vi må også finne ut kva vi ynskjer å bruke huset til. Vi treng i alle fall eit klubbhus og lagerplass.
- Etter styret si vurdering må det skiftast tak, det må isolerast og skiftast vindauge. Kva med det elektriske? VVS?
- Ragnald følgjer opp saka i høve til kommunen og andre. Sak 2 - Endringar av vedtekter til årsmøtet
- Bør det vere ei verdistigning/oppjustering av prisar ved sal av båtplassar? Korleis skal dette i tilfelle reknast ut?`
- Olav foreslår å bruke konsumprisindeksen og justere prisane etter den. Han undersøkjer litt kring verdistigning og konsumprisindeks og formulerar forslag til endring av teksten i vedtektene.
- Styret meiner også at vedtektene våre bør vere på nynorsk. Olav har tatt på seg arbeidet med å oversetje vedtektene. Sak 3 - Økonomi
- Pr. 01.01.08 hade vi 240 000 kr på konto. Til fråtrekk går oppgjer for tre båtplassar, om lag 75-100 000 kr.
- Lånet er no på 468 000 kr. Det går greitt å betale avdrag og renter, og lånet vil vere ferdig nedbetalt i 2012.
- Avdrag pr. år er 112 000, og vi har betalt om lag 35 000 kr. i renter i 2007. Sak 4 - Ledige plasser i hamna
- Styret blei oppdatert om situasjonen. Sak 5 - Årsmøte
- Årsmøtet blei bestemt til onsdag 12. mars kl. 19.30.
- Både formann, sekretær og hamnesjef takkar for seg, så det blir litt utskiftingar i styret.
- Gamalt og nytt styre stiller felles på første styremøte etter årsmøtet.
- Bør det vere mogleg å kjøpe seg fri frå dugnad? At vi reknar med at alle medlemmar stiller på 10 t dugnad à 100 kr, og at ein kan betale 1000 kr for å sleppe?
- Styret bør heller sleppe dugnad i hamna enn å få gratis slipping som vi diskuterte på sist styremøte. Styret sin dugnadsinnsats er den jobben vi gjer som styremedlemmar. Kan bli lettare å skaffe medlemmar til styret på denne måten. Er årsmøtet einige? Sak 6 - Ymse
- Nye bryggja litt ute av kurs pga. isen. Landgangen må også takast opp neste vinter. Ernfred tek kontakt med Ørsta Stål om fester og belastning o.l. Neste styremøte blir tysdag 5. februar kl. 20.00 på Mona Lisa.
Sandane 13.01.08 Ann Karin W. Ose
sekretær



Referat frå styremøte 03.10.07 Tilstade: Oddny Grotle Føleide, Håvard Kvandal, Ernfred Øygard, Ragnald Søreide,
Ann Karin W. Ose.
Forfall: Olav Søreide Sak 1 -  Økonomi
- Vi har 3 stk som ynskjer å selge plassen sin, og treng skriftleg melding frå dei om det. Vi har 4 stk på venteliste, Ernfred kontaktar dei for å høyre om dei framleis er interessert. Vi må ha kjøparar til båtplassane før vi kan betale ut dei som ynskjer å selge. Sak 2 - Området rundt hamna
- Ragnald presenterte planen, det var ikkje kome merknadar til den. Det skal lagast ein meir detaljert plan for området, truleg denne vinteren.
- Ragnald undersøkjer kva dei pengane vi var med å søke om skal brukast til. Sidan SSL var ein part i søknaden bør vi også få nytte av dei tildelte pengane. Vårt ynskje er at kommunen må nytte pengane til plastring, og at dette kan skje snarast mogleg til våren.
- Håvard undersøkjer om vi kan få leggje ting inn i slaktehuset.
- Håvard spør også om Haveland kan ordne lys på den nye bryggja. HASTAR!
- Oddny lagar avtale med Austrheim om utleige av SSL sitt pumpehus.
- Ernfred spør Sjur om han kan ordne lys på bua. Sak 3 - Neste årsmøte
- Vedtektene bør gjennomgåast.
- Dei som ikkje stiller på dugnad, bør dei betale for seg i staden? Bør ein kunne kjøpe seg fri frå dugnadsarbeid?
- Bør dei som har tillitsverv i SSL få gratis slipping?
- SSL må ha skriftleg melding frå dei som ynskjer å selge båtplassen sin. Dette må stå i vedtektene.
Sandane 15.10.07 Ann Karin W. Ose
sekretær


To båtførarkurs skal gjennomførast i Gloppen i haust
Det eine kurset  er i regi av Midtkandal Fjordservice A/S. Den andre kursarrangøren, Båtførarsenter Vest, tilbyr også eit kurs for VHF sertifikat.  Kopi av annonsane. saksa frå Firda Tidend, Onsdag 29 August, gir meir detaljert informasjon.







Referat frå styremøte 13.08.07 Tilstade: Oddny Grotle Føleide, Olav Søreide, Ernfred Øygard, Ragnald Søreide, Ann Karin W. Ose.
Forfall: Håvard Kvandal Sak 1 - Ymse
- Vi gjekk gjennom kjøp, sal og utleige av båtplassar.
- Ved søknad om båtplass er det den som søkte først som får tildelt plass først. Det er ein føresetnad at ein er medlem i laget. Har to interesserte søkt same dag, er det den med lengst ansiennitet i laget som vert tildelt båtplass først.
- Ein må søkje skriftleg om båtplass, då unngår vi misforståingar. Om det ikkje står i vedtektene våre at søknaden må vere skriftleg, må vi få inn eit punkt om dette på neste årsmøte.

Sak 2 - Kurs
- Styret svarte på mail frå Bendiksen om arrangering av VHF-kurs og båtførarkurs. Vi er positive til at det vert arrangert, og dei er velkomne med annonser på SSL sine heimesider. Sak 3 - Området rundt hamna
- Naustheller må hente anlegget sitt snarast, Oddny sender mail om dette.
- Ernfred setter opp lys på enden av nye-kaia.
- Ønskeliste til kommunen:
o Areal til lager, kontor og klubblokale på om lag 150 kvm, med sanitæranlegg og dusj. Dette må ligge nærast hamna.
o Parkeringsplassar til om lag 60 bilar, som nyttast som opplagsplass til 20-25 båtar om vinteren.
o Lagringsmoglegheiter for enkeltmedlemmar til teiner, blåser, tau o.l. Stallane kan vere interessante til dette.
o Slaktehuset må helst fjernast, evt. renoverast av kommunen. Sandane 16.08.07 Ann Karin W. Ose
sekretær


Flytande båtmesse på Sandane Laurdag 25 August 2007.

Dei to anerkjende norske båtprodusentane Viknes og NB Marine kjem til Sandane Laurdag 25. August med den flytande båtmessa Norske båter på sjøen .

Sandane er den einaste staden i Nordfjord som får vitjing av denne båtutstillinga. Viknes og NB Marine kjem med tilsaman 8 til 10 båtar til Gjestebrygga i sentrum.

Klikk her for meir informasjon om båtmessa.

Her finn du internettsidene til NB Marine  og Viknes .


ARDEA 34 - Nyaste modell fra NB Marine


Viknes 1030 - Flaggskipet i Viknes serien


 
Referat frå styremøte 04.06.07

Tilstade: Oddny Grotle Føleide, Olav Søreide, Ernfred Øygard, Håvard Kvandal, Ragnald Søreide, Ann Karin W. Ose.

Sak 1 -  vakthald
" Styret diskuterte vakthald.
" Ernfred ordnar søknad om konsesjon til kameraovervaking.

Sak 2 - diesel
" Brygga og dieselpumpa er planlagt å vere ferdige til 15. juni.
" Det vert truleg dugnad hos Austrheim neste veke.

Sak 3 - dugnad
" Det vert dugnad på ny hamn denne veka.
" Bryggesjefane kallar inn til dugnad i gamlehamna.

Sak 4 - opprusting av hamneområdet
" Det vert møte 12. juni med museet, kommunen, stiftinga Nordfjordjekt og småbålaget.
" Oddny og Ragnald møter frå småbåtlaget, og styret ønskjer også at Eli Kjær skal vere med. Oddny inviterar Eli. Sak 5 - ymse
" Medlemskap i Kongelig Norsk Båtforbund? Styret bestemte at saka utsetjast inntil vidare.
" Alle endringar på anlegget i hamna må godkjennast av styret. Om ein t.d. treng nye utriggarar, må dei bestillast frå godkjent leverandør, og dette må betalast av den enkelte sjølv. Ingen må gjere endringar på eiga hand i hamna, det er viktig at vi har eit godkjent anlegg som er rett dimensjonert med tanke på tryggleiken.
" Sak til årsmøtet: bør det vere ei form for prisstigning på den enkelte sin båtplass? T. d. ei auke på ein viss prosentsats i høve til det dei har betalt for plassen? Ei eller anna form for indeksregulering bør det vere.
" Styret diskuterte gamle og nye kontraktar.
" Laget har no om lag 234 300 kr på konto, restlånet er på om lag 534 000 kr. Ved avviklinga av årsmøtet var restlånet på 580 000 kr.
" Styret er positive til at Eyolf Johnsen vil ta på seg jobben med å få den lokale handelsstanden til å annonsere på heimesidene våre.
" Styret ynskjer fleire fellesturar i løpet av båtsesongen. Turane vert ikkje organiserte i detalj, men info om turane vil bli hengt opp i hamna. Det vil vere info om dato, avreisetidspunkt og kor turen går. Ann Karin lager oppslag. Følgjande fellesturar vart bestemt: 7.-8. juli til Rugsund, 22. juli dagstur til Askevika, 3.-5. august til Rugsund og Kalvåg og 19. august til Ryssfjøra.

Sandane 10.06.07

Ann Karin W. Ose
sekretær


Referat frå årsmøte 2006, 20.03.07, Sandane småbåtlag.

Før møtet informerte styreleiar Oddny G. Føleide om innbrotet i hamna og om skadane isen hadde gjort.

Sak 1 - val av møteleiar
Olav Søreide vart vald som møteleiar.

Sak 2 - godkjenning av innkalling og sakliste
Styret hadde følgjande merknad til innkallinga:
Fristen for å melde inn saker gjekk ut før medlemmane mottok brevet med innkallinga, dette fordi innkallinga vart sendt som B-post. Styret vonar ikkje dette hindra nokon i å melde inn saker til årsmøtet.
Ingen andre hadde merknader til innkallinga, og innkalling og sakliste vart godkjent.

Sak 3 - årsmelding og rekneskap/budsjett Årsmelding
Sekretær Ann Karin W. Ose leste årsmeldinga. Årsmeldinga vart godkjent. Det hadde vore nokre problem med å skrive ut berre årsmeldinga frå heimesidene våre, ein fekk med alle sidene i staden. Er det mogleg å lagre årsmeldinga på heimesidene på ein annan måte?

Rekneskap
Kasserar Olav Søreide presenterte rekneskap og budsjett.
Rekneskapen syner at vi har meir lån enn det det ekstraordinære årsmøtet i juni 2006 bestemte vi skulle ha. Vi har midlar til å betale ned lånet slik at det er i samsvar med årsmøtevedtaket, men styret rår til at vi ikkje betalar inn alt dette no. Ved å ha pengane ståande på konto, slepp vi å ta opp nytt lån til dei vedlikehaldsutgiftene vi veit kjem i næraste framtid, og til ei ev. ny utviding av hamna.
Årsmøtet var samde i styret si vurdering, og rekneskapen vart godkjent.

Budsjett
I budsjettet for 2007 vart det diskutert korleis vi kunne auke eigenkapitalen i laget. Det kom fleire framlegg til korleis ein kunne gjere dette, og vi samla oss om fire ulike framlegg: 1. Kapitalinnskot på 500 kr for dei som har båtplass (Kapitalinnskotet vert lagt til verdien av båtplassen ein eig, så ein får det igjen om ein sel båtplassen sin.)
2. Auke hamneleiga ytterligare ut over 750 kr
3. Auke medlemsavgifta
4. Auke vaktgebyret meir enn til 480 kr

Vedtak: framlegg nr. 1, kapitalinnskot på 500 kr for dei som har båtplass, og nr. 4, auke vaktgebyret til 500 kr. Budsjettet vart godkjent med desse endringane.

Sak 7 - ymse
Diesel
Odd Arne Kolset orienterte om den ordninga vi har i dag, og om dei alternativa vi har i framtida:
1. Vi kan halde fram med Farsund - Naustheller. Dei kan no imøtekome vårt ynskje om utsending av faktura to gongar pr. år.
2. Vi kan kjøpe anlegget av Farsund - Naustheller og handle diesel der vi får den billigast. Eit av medlemmane i småbåtlaget er ansvarleg for dieselfylling. Vi styrer alt sjølv, og det blir veldig mykje jobb for dei som skal styre dette. Vi har tilbudt Farsund - Nautheller 5 000 kr for anlegget, men det var heilt uaktuelt for dei å selge det så billig.
3. Eit nytt selskap setter opp nytt anlegg. Vi kan fylle og betale med kort der og da. Leiv Arne Austrheim er aktuell part her.

Leiv Arne Austrheim informerte om det han kunne tilby:
" Nytt anlegg der West Queen ligg. Sjur Atle Austrheim er grunneigar. Det vert ei frittståande pumpe med kontakt til Statoil.
" Ulike kort kan nyttast; Statoil-kort, Agri, Bank Axept
" Jobbar med å få til ei ny "djupvass-kai". Sjur Atle Austrheim vil eige kaia.
" Det vil bli gode forhold for gjestebåtar, kaia må vere lett å finne.
" Det vil bli ein del dugnadsinnsats frå medlemmane i småbåtlaget i starten. Vi må også drive marknadsføring på heimesidene våre, og elles hjelpe til å gjere anlegget kjent for så mange som mogleg.
" Gloppen kommune er positive til planane, det er grunneigar også.
" Pris: utan kortrabattar vil prisen kunne konkurrere med den prisen vi betalar i dag. Den vil truleg bli lågare også utan rabattar knytt til korta.
" Austrheim tener ikkje noko på dette, her er god service og godt tilbod det viktigaste. Han ynskjer ein god samarbeidspart i Sandane Småbåtlag.

Vedtak: framlegg nr. 3 vart vedtatt. Årsmøtet var svært positive til tiltaket frå Austrheim.

Sak 4 - val
Framlegg frå valnemnda:
" Leiar  Oddny Grotle Føleide    1 nytt år
" Kasserar Olav Søreide    2 nye år
" Hamnesjef Ernfred Øygard    ikkje på val, 1 år igjen
" Sekretær Ann Karin W. Ose   ikkje på val, 1 år igjen
" Styremedlem Ragnald Søreide   ikkje på val, 1 år igjen
" Styremedlem Håvard Kvandal   2 år, erstattar Odd Arne Kolset

" Vara  Dagfinn Nyhammer   2 nye år
" Vara  Morten Bolseth    2 nye år

" Revisor Arne Henden     2 nye år
" Valnemnd Morten Bolseth    2 nye år
" Valnemnd Per Inge Hole    ikkje på val, 1 år igjen
" Turnemnd Jan Kjetil Øygard   2 nye år
" Turnemnd Sjur Åge Gimmestad   2 nye år
" Dugnadsgjeng (J. I. Sørebø, A. Samestad, D. Svangtun) ikkje på val

Sak 5 - hamneavgift
Styret ynskjer å auke hamneavgifta frå 500 kr til 750 kr pr år.

Vedtak: styret sitt framlegg vart vedtatt.

Sak 6 - hamnereglar
Møteleiar gjekk gjennom styret sitt framlegg til reviderte hamnereglar.

Det kom synspunkt på at vi treng klare reglar for når ein båt treng 10 m utriggarar, når ein må ut i den nye hamna, kor store båtar anlegget tåler o.l. Dette må styret jobbe med til neste årsmøte.

Vedtak: hamnereglane vart godkjent.

Sak 7 - ymse

Vakthald
Det er tre alternativ til vakthald i hamna:
1. Securitas som i dag, frå 15.05 til 15.09
2. Overvakingskamera og vakthald frå medlemmane
3. Vakthald frå Securitas gjennom heile året. Vil koste om lag 100 000 kr

Vedtak: Alternativ 2, kamera og vakthald frå medlemmane. Setjast i gang snarast, styret utarbeidar instruks og vaktliste. Det er berre medlemmar med båtplass som skal stå på vaktlista.

Opprusting av området ved hamna
Ragnald Søreide informerte om dei møta han har vore på. Det er ein viss usikkerheit rundt Stiftinga Nordfjordjekt. Siste nytt er at dei trapper ned ambisjonane sine, og at det neppe vert bygd kopi av Holvikjekta.

Småbåtlaget har trong for eit klubbhus, noko vi bør signalisere tidleg i prosessen framover. Området må omregulerast, og då må klubbhuset vere med i planane frå starten.

Er småbåtlaget interessert i å vere med å ruste opp området ved hamna? Det vil krevje ein del dugnadstimar.

Vedtak: Årsmøtet var positive til tankane og ideane som vart presentert. Styret skal jobbe vidare med saka, og årsmøtet uttalte at SSL vil vere med på opprusting av området ved hamna.

Sandane 10.04.2007

Ann Karin W. Ose
sekretær



Referat frå styremøte 12.03.07

Tilstade: Oddny Grotle Føleide, Olav Søreide, Ernfred Øygard, Odd-Arne Kolseth
Ann Karin W. Ose
Forfall: Ragnald Søreide

Sak 1 - skader på brygga
" Isen tok noen av uteriggarane på den nye bryggja. Ernfred kontaktar Ørsta Marina for å prøve å få erstatta noko av skadane.
" Vi startar på dugnad så snart som mogleg for å reparere bryggja.
" Må vurdere å ta dei opp om hausten, men det er ein ganske stor jobb. Vi var maksimalt uheldige i år med vindretning og -styrke då isen losna.  Sak 2 - mail frå Øystein Sivertsen
" Styret mottok mail frå Øystein Sivertsen der han spør om det prinsipielle rundt flytting frå gamal til ny hamn. Han etterlyser reglar for dette. Styret har formulert punkt i hamnereglane ang. dette spørsmålet, og vi vil leggje det fram for årsmøtet.
" Vi ser på heile anlegget, både gamal og ny hamn, som ei eining. Vi må kunne flytte båtar mellom gamal og ny hamn, alt etter kva som gir den beste løysinga. Ein betalar ikkje noko ekstra om ein må frå gamal til ny hamn dersom storleiken på båtplassen er lik. Må ein derimot auke bredda på plassen sin, eller trenger ekstra lenge, og av den grunn må ut i ny hamn, betalar ein for sjølve utvidinga av plassen. Sak 3 - årsmøtet
" Rekneskapen er godkjent av revisor, og revisor rår årsmøtet til å godkjenne rekneskapen.
" Ny hamn: Vi har betalt om lag 1 320 000 kr til Ørsta Marina, vi har også hatt 16 000 kr i ekstra utgifter knytt til betong, sand, støyping o.l. Vi har fått innbetalt 977 000 kr for båtplassane som er seld. Det vil seie at vi har om lag 360 000 meir i utgifter enn inntekter på den nye hamna.
" Kasserar meiner det er sunn økonomi i laget no. Vi har økonomi til å ta hand om lånet framover, sjølv om lånet er på 600 000 kr i staden for 300 000 som var det beløpet årsmøtet godkjente som maks lån. Kasserar si vurdering er at det er klokast å ikkje betale ned meir no, då vi treng litt eigenkapital til vedlikehald o.l. Dette må årsmøtet ta stilling til.
" Diesel: Odd-Arne har hatt møte med Leiv Arne Austrheim, og Leiv Arne vert med på årsmøtet vårt. Dei vil legge fram tre ulike alternativ for dieselfylling på Sandane, og årsmøtet må bestemme kva løysing dei ynskjer.
" Valnemnda har fullført si oppgåve, og presenterar sine framlegg på årsmøtet.
" Uteområdet: Vi har fått løyve til å vise Eli Kjær sine skisser for området rundt småbåthamna.
" Styret møter kl. 19.00, årsmøtet startar kl. 19.30.

Sandane 11.03.07

Ann Karin W. Ose
sekretær



Referat frå styremøte 19.02.07

Tilstade: Oddny Grotle Føleide, Ragnald Søreide, Olav Søreide, Ernfred Øygard,
Ann Karin W. Ose, Odd-Arne Kolseth Sak 1 - årsmøte
" Odd Arne lagar til forslag til alt. for dieselfylling. Han presenterar dette på årsmøtet.
" Ann Karin lagar bildeserie som visast på årsmøtet.
" Overvaking av hamna: enten halde fram med Securitas eller nytte web-kamera i tillegg til vaktrunde utførd av medlemmane sjølv. Dette må årsmøtet ta stilling til.
" Innkalling: vi sender ikkje ut rekneskap og årsmelding til alle. Årsmeldinga vil ligge på heimesidene våre.

Sak 2 - møte ang. opprusting av området ved småbåthamna
" Ragnald var småbåtlaget sin representant på eit myldringsmøte der Gloppen kommune, Nordfjord Folkemuseum, Stiftinga Nordfjordjekt (ingen møtte) og Sandane Småbåtlag var invitert.
" Det var mange planar og ynskjer, men det er mykje som må avklarast før ein kan setje i gang arbeidet. Det må truleg ei reguleringsendring til i området.
" Eli Kjær la fram teikningar om forslag til opparbeiding av området.
" Vi ynskjer at området framfor slaktehuset skal bli eit friluftsområde for alle, og vi treng eit løfte om at det skal nyttast til dette. Vi kan ikkje risikere at det blir bygd ei jekt som skal plasserast der, etter vi har lagt ned mykje arbeid i å lage det til.

Sak 3 - sjøsetting
" Sjøsettingsdato: laurdag 14. april frå kl. 08.00. :

Sandane 11.03.07

Ann Karin W. Ose
sekretær


Innkalling til årsmøte Tysdag 20. Mars 2007

Sandane 26.02.2007

Årsmøte i Sandane småbåtlag Tysdag 20. mars 2007.

De vert med dette innkalla til årsmøte i Sandane Småbåtlag tysdag 20. mars 2007 kl 19.30 på Gloppen Hotell.

Sakliste 1. Val av møteleiar
2. Godkjenning av innkalling samt sakliste
3. Årsmelding og rekneskap/budsjett
4. Val
5. Hamneavgift
6. Hamneregler
7. Ymse
" Diesel
" Vakthald
" Opprusting av området ved hamna
" Ev. tilkomne saker

Dersom de har saker de ynskjer å ta opp på årsmøtet, må dei vere styret i hende innan 06.03.07.

Årsmeldinga vert lagt ut på heimesida vår ca. 14 dagar før årsmøtet. De finn den som PDF-fil ved å klikke her .  Årsmeldinga vil også bli utdelt på møtet.

Styret ynskjer å registrere alle medlemmar som har e-postadresse, så har de det, ber vi om at de sender denne til olav.soreide@enivest.net.

For styret



Referat frå styremøte 22. Januar 2007

Tilstade: Oddny Grotle Føleide, Ragnald Søreide, Olav Søreide, Ernfred Øygard,
Ann Karin W. Ose
Forfall: Odd-Arne Kolseth

Sak 1 – båtførarprøva
Småbåtlaget arrangerar kurs (båtførarprøva) saman med Folkeuniversitetet i februar. Det syner seg no at eit av medlemmane i småbåtlaget skipar til identisk kurs samt VHF-kurs nøyaktig same datoar og på same stad, noko styret i småbåtlaget synes er veldig uheldig. Det kan vere medlemmer som har meldt seg på begge kursa, utan at dei har forstått at det er to ulike arrangørar – sidan det er på same tid og stad. Vi bør sjekke opp om det er dei same som har meldt seg på, Oddny undersøkjer.
Styret syntes det hadde vore naturleg at småbåtlaget vart kontakta ved tilskiping av eit slikt kurs på Sandane, spesielt sidan eit av våre medlemmar er med å arrangerar kurset.

Sak 2 – økonomi
Alt i rekneskapen stemmer i høve bankutskriftene .
Lånet til dei nye bryggjene ligg utanfor driftsrekneskapen.
Driftsinntekter ca. 130 000 kr
Driftskostnadar ca. 109 000 kr
Finanskostnadar ca.   17 000 kr
Overskot  ca.     4 000 kr

Lånet er på 1 100 000 kr, vi har no 771 000 kr på konto.
Vi har 106 medlemmar, 80-85 av dei er medlemmar med båtplass.
Vi har seld diesel for 13 465 kr, og vi har kjøpt diesel for 11 494 kr.
Vi har seld straum for 2 679 kr, og kjøp straum for 11 079 kr. Vi sel straum for 1 kr/kwt.
Da vi kjøpte nye bryggjer stilte banken med ein garanti overfor Ørsta stål. Garantien kostar ein god del, og Olav sjekkar no om garantien opphøyrar automatisk når vi no har betalt Ørsta stål, eller om vi må seie den opp sjølv.
Olav lager framlegg til nytt budsjett. Sak 3 – årsmøte
Årsmøtet vert i slutten av mars på Gloppen hotell. Oddny tingar hotellet.
Innkalling: brev til kvart enkelt medlem 1 mnd. før årsmøtet, med ei påminning i avisa rett før. I brevet må det vere saksliste til årsmøtet og info om at andre saker må vere styret i hende innan 2 veker før møtet. Vakthald: kva vil vi? Securitas kostar oss om lag 30 000 kr pr år, dei går vakt berre éin gong kvar natt frå mai til september. Vi må også ha vakthald på ny bryggje, så totalbeløpet vert nok ein del høgre av den grunn. Styret synes kanskje vi får litt lite igjen for ein såpass stor sum, og ynskjer årsmøtet sitt syn på vakthald. Vi har minst 3 alternativ: vi held fram med Securitas, vi går vakt sjølv eller vi installerar web-kamera. Diesel: Odd-Arne sjekkar med Leiv Arne Austrheim igjen. Må gjerast før styremøtet i februar.
Slipping: info på årsmøtet om rutinar, reglar, prisar osb.
Auke av hamneleiga frå 500 kr til 750 kr pga. venta vedlikehaldsutgifter på den gamle hamna. For ordens skuld: den nye hamna er subsidiert av småbåtlaget (alle medlemmane), derfor aukar vi hamneleiga for alle – også dei som nett har kjøpt båtplass i ny hamn – for å kunne pusse opp og vedlikehalde den gamle hamna.
Endring av hamnereglane: Ernfred jobbar spesielt med dette sidan han best kjenner tilhøva i hamna, og kva problem som av og til dukkar opp.
Olav legg fram budsjett og rekneskap (helst revidert) innan styremøtet i februar.
Ernfred har gitt valnemnda melding om å starte arbeidet mot årsmøtet. Nytt styremøte: Måndag 19. februar kl. 20.00. Sandane 24.01.07 Ann Karin W. Ose
sekretær


Kursstart for båtførerprøva er 6. Februar 2007

Det er 16 stk som til nå (9. Jan. 3007) har meldt seg interessert i å delta på kurset for båtførerprøva. 

Viktig: Alle som har kontakta Ragnald Søreide og meldt si interesse, må melde seg på nytt til Folkeuniversitetet ved Turid Sørland soerlan@online.no med namn, adresse, fødselsdato og år og telefon.

Kursstad: Sandane, Firda Videregåande Skule. Rom nr. 6 i 2. etasje i gamlebygget.
Kursstart: 6. Februar kl. 18.00 - 22.00.
Andre dato: 8. Februar, 13. Februar, 1. Mars og 6. Mars,  med 1 times skriftleg eksamen (ikkje data)  den 6. Mars.
Ant. undervisningstimar: ca. 20 timar
Faglærar: Helge Bjørneset frå Nordfjordeid
Undervisningsmateriell: Veien til båtførarprøve (kr 440,-) og tilhøyrande arbeidsbok (kr 192). Bøkene får ein kjøpt på bokhandelen på Sandane.
Kursavgift: kr 1500,-
Eksamensavgift: kr 200,-


Årets siste båttur

aalfotfjorden

På vei fra Sandane, ser inn Ålfotfjorden med Askevika fremst og Isefjorden inn til høyre rundt første neset (Foto: Ann Karin W. Ose, 2006).


Referat frå styremøte 01. November 2006

Tilstades: Oddny Grotle Føleide, Ragnald Søreide, Odd-Arne Kolseth, Ernfred Øygard,
Ann Karin W. Ose

Forfall: Olav Søreide

Sak 2 - Status ny hamn
" Vi treng lys ytst på ny brygge så snart som mogleg, Ernfred finn ut kva vi skal ha, tar det så opp med bryggesjefen på den nye brygga.
" Ernfred bestiller 2 pullerter med 4 straumuttak på kvar pullert, samt 2 vatnposter med slange og kran frå Ørsta Marine så snart som mogleg.
" Vi treng dugnad på brygga A. Ernfred må purre dugnadsgjengen og bryggesjefane.
" Ny og gamal brygge er no forsikra for 2 mill. kr. Sak 3 - Vedtektene
" Vi studerar vedtekter og hamnereglar til neste møte. Hamnereglane ligg også på heimesida vår, under "Småbåthamna ".
" Styret og hamnesjefen ønskjer ikkje at hamnesjefen skal tildele bryggeplass og ta alle avgjersle som har med plassering av båtar o.l. åleine. Vi ønskjer å endre hamnereglane så det står "hamnesjef/styret" i staden for "hamnesjef". Vi tar dette opp i neste styremøte. Sak 4 - Diverse
" Hempel ønskjer å ha kurs med produktreklame på Sandane mellom 15.02 og 15.03. Dei ber om at SSL reklamerar for det på heimesidene. Ragnald får nærare melding om dette i januar, og han tar då kontakt med Eyolf.
" Vi må få til fleire sosiale båtturar for alle medlemmane våre. Treng ikkje vere stort og flott opplegg som på pinseturen (som vi absolutt skal halde fram med!), men berre ei avtale om kva dag og klokkeslett vi treffast til avreise. Vi ser for oss 5-6 helgar i året, og styret organiserar disse turane.
" Båtførarbevis: Helge Bjørnset arrangerar kurs på Sandane viss vi er 8-10 interesserte. Vi veit ikkje kva reglar som kjem til å gjelde i framtida, bør vi då vente til vi veit kva krava blir? Vi diskuterte litt rundt dette, og konkluderte med at vi ventar ikkje. Vi legg det ut på heimesidene våre og ber interesserte melde seg. Oddny kontaktar Eyolf om dette.
" Overvaking av bryggene: Det har vore ein del tjuveri i sommar, og vi må ta omsyn til dette. Ernfred sjekkar moglegheiter for kameraovervaking, web-kamera, kva alternativ som finst, kva det kostar, og korleis vi gjer det. Sandane, 02.11.06
Ann Karin W. Ose
sekretær


Referat frå styremøte 28. August 2006

Tilstades: Olav Søreide, Oddny Grotle Føleide, Ragnald Søreide, Odd-Arne Kolseth, Ernfred Øygard, Ann Karin W. Ose

Sak 1 - Framdrift ny hamn
- Arbeidet har starta, levering er sett til 8. september.
- 19 båteigarar har betalt depositumet, 1 har betalingsfrist 28.08.
- Vakthald: vi har Securitas i dag. Skal vi vurdere andre løysingar? Betalar om lag 30000 kr for vakthald frå 15.05. til 30.09. Det er litt dyrt. Olav undersøkjer pris på kva det vil koste å inkludere den nye hamna i vakthaldet frå Securitas. Skal vi halde vakt sjølv? Web-kamera?
- Forsikring: Olav undersøker forsikring.

Sak 2 - Plassering av båtar i ny hamn
- Styret fordelte båtplassane i den nye hamna.

Sak 3 - Ymse
- Småbåtlaget har fakturaer for om lag 15 000 kr uteståande hos medlemmane våre.
- Styret vedtok å legge på eit faktureringsgebyr på 20 kr. på kvar faktura.
- Vintertilbod på småbåtlaget sin vimpel: 200 kr.

Sandane 19.09.06
Ann Karin W. Ose
sekretær


Sundag  27. August skal Holvikejekta feire 125 år

Vi oppfordrer medlemmane i småbåtlaget til å vere med å markere 125 års jubileumet for Holvikejekta. Etter planen skal det gå eit opptog frå Holvikejekta mot sentrum ca. kl. 16.45. Småbåtlaget vil vere med å markere dette med at så mange som har anleding, kan vere med å køyre ut på fjorden, og køyre ved sida av ein kortesje med robåter, frå Holvikejekta og innover til gjestebrygga ilag med opptoget. Håpar at du har anledning å vere med på dette. Møt i havna ca. 16.30. Styret i Sandane Småbåtlag



Plakat Holvikejekta 125 års jubileum
Holvikejekta - stor jubileumsfeiring 25. og 27. August
Glimt  frå øvinga på jektespelet, Bjørn Inge Solheim, Gunnar Atle Vereide, Kristin Sælen og  Kristen Moen i aksjon. Foto: Arild Reppen

Lenker til meir informasjon om Holvikjekta
- Stiftinga Nordfjordjekt
- Holvikjekta - Eit skuleopplegg frå Nordfjord Folkemuseum
- Fylkesarkivet
- NRK Sogn og Fjordane - Fylkesleksikon
- Norsk Fartøyvern
- Go Norway



Ny brygge på plass i byrjinga av September 2006

Styret i Sandane Småbåtlag informerar om at ny brygge til 20 båter er bestilt og vil være på plass i byrjinga av September 2006.

Brygga leveras av Ørsta Marina Systems AS. Den vil bli lagt ut frå enden av det gamle slaktehuset i retning mot mølla. Det blir ein enkelt lang betongbrygge med de 20 båsane plassert vinkelrett mot brygga på innsiden (mot land) og moglegheit for gjestebrygge på utsida (båtane blir liggande langsetter brygga). Betongbryggas lengde er 80m, med moglegheit for seinare utviding med bruk av utliggere på innsida.

I samband med førebuingar til utlegginga av brygga må alle som no får nye plassar vere klar for dugnad i slutten av August. Styret kjem ut med meir detaljert inforrmasjon seinare.



Kart som viser plasseringa av den nye brygga i hamneområdet på Øyrane.



3D skisse av den nye betongbrygga slik Ørsta Marine Systems AS har teikna den.



Målskisse av den 80m lange nye betongbrygga med 20 båser mot landsida og gjestebrygge mot sjøsida.




Klipp frå styremøte 26 Juni 2006 om utvidinga av småbåthavna
Sak 2 - utviding av småbåthamna
Ørsta stål har eit flottare anlegg, betre og meir solide brygger, mindre vedlikehald, garantert støyfritt anlegg, men er litt dyrare enn Liland (litt over 100 000 kr meir). Styret diskuterte alternativa for 20 og 40 båtplassar som vi har fått tilbod på frå Ørsta stål. Vi ynskte å vite kva 30 plassar ville koste, då det er eit meir passe tal plassar for oss. Ernfred ringte Ørsta stål, og dei ville sende eit tilbod måndag morgon. Vedtak:
Vi går for Ørsta stål, 30 nye plassar. Vi må auke prisen litt, grunna anna leverandør, betre anlegg og fleire plassar. Ein plass med 3,5 m lysopning og 8 m utriggarar vil koste om lag 50 000 kr inkl. moms. Dei som ynskjer 10 m utriggarar må betale dei ekstra kostnadane sjølv. Olav sender brev 26.06.06 til aktuelle kjøparar, svar innan 03.07.06. Han finn også ut om vi kan få lånet på 10 år i staden for 5. 


No kan du kjøpe båtplass i Sandane Småbåthavn
På ekstraordinært årsmøte i Sandane Småbåtlag SSL blei det 13 Juni 2006 fatta vedtak om å utvide småbåthavna. Er du interessert i å sikre deg ein ettertrakta båtplass, les brev til interesserte kjøperar av båtplass, gjengitt nedanfor. For tinging av ein båtplass, last ned og fyll ut påmeldingsskjema og send det til Sandane Småbåtlag ved Olav Søreide

Sandane, 27. juni 2006

KJØP AV BÅTPLASS I SANDANE SMÅBÅTHAMN
Sandane Småbåtlag gjorde vedtak i ekstraordinært årsmøte 13. juni 2006 å byggje ut småbåthamna med ei betongbrygge med plass til ca 20 nye båtar. Nokre av medlemmene i laget har stått lenge på venteliste for kjøp av plass, og dei skal vi sjølvsagt prioritere. Det vil likevel vere nokre plassar som kan seljast til dei sist tilkomne som har meldt seg som interesserte. Vi understrekar at det vil bli ei stund før båtlaget på nytt vurderer utviding av hamna, så det gjeld å nytte denne sjansen fort. Vi forstår det slik at du er ein av dei som har stått på venteliste eller på annan måte har meldt interesse for kjøp av båtplass. Vi reknar med at du framleis er interessert og ber deg om å gjere to ting:
1. Inngå bindande avtale om at du vil kjøpe båtplass og returner underskriven avtale til Olav Søreide, Gloppestad, 6823 Sandane snarast og seinast innan 3. juli 2006. 2. Stadfest avtalen ved å betale inn depositum på kr 15.000 til båtlaget (konto 3710.30.34109) innan måndag 3. juli 2006. Ta gjerne kontakt med hamnesjefen, Ernfred Øygard, tlf 95 10 28 87, slik at du kan få drøfta mogelege løysingar. Parallelt med prosessen med påmelding arbeider styret no aktivt med tilbod på brygger og bryggeutstyr med tanke på montering tidleg haust 2006. Slik det ser ut pr dato, vil styret gå inn for eit anlegg levert av Ørsta Marin Systems AS (Ørsta Stålindustri). Firmaet kan vise til svært gode referansar både med omsyn til styrke og praktiske løysingar som i første omgang kan gje plass til inntil 30 båtar. I samband med det ekstraordinære årsmøtet vart det sagt at ein båtplass med 3,5 m lysopning og 8 m utriggar ville kome på 45.000 kr. Styret meiner vi no kan få ei betre løysing ved å velje ein annan leverandør, men samstundes må vi akseptere at prisen vil auke til 50.000 kr inkl. mva. for ein båtplass som nemnt ovanfor Samstundes må vi gjere merksam på at prisskilnaden på 8m og 10m utriggar blir på meir enn 10.000 kr. Likevel tilbyr Sandane småbåtlag svært rimelege båtplassar samanlikna med andre hamner vi kjenner til. No hastar det å få klarlagt kven som skal få plassar i hamna og kva behov den enkelte har for storleik på plassen. Sidan planane no er endra noko og kostnaden pr plass har auka litt, ber vi dei som tidlegare har levert skriftleg påmelding om å fylle ut ny og sende til underskrivne. Vedlagt følgjer formular for bindande avtale om kjøp av båtplass og faktura for innbetaling av depositum. Med helsing
SANDANE SMÅBÅTLAG
For styret:
Olav Søreide
kasserar



Ekstraordinært årsmøte 13.06.06 Sandane småbåtlag


Olav Søreide var møteleiar ved det ekstraordinære årsmøtet

Tilstade: heile styret og 22 medlemmar og andre interesserte. Møteleiar: Olav Søreide vert vald som møteleiar. Bjørn Pettersen og Jon G. Eide vert vald til å skrive under møteboka.
Frå styret:
- Olav Søreide presenterte styret sitt arbeide, bakgrunnen for arbeidet og tankar og planar vidare. Både nye brygger og trivselsareal på land ved slaktehuset vart presentert. - Førre styre hadde fått best pris hos Liland, derfor hadde noverande styret jobba vidare med Liland som ein mogleg leverandør. - Kostnad for nye brygger: 1,2 mill. kr., ein plass på 4 m (lysopning på 3,5 m) med 8 m utriggarar vil koste 52 000 kr. Småbåtlaget sel plassen for 45 000 kr, og subsidierar altså plassen med 7 000 kr. - Ved påmelding til kjøp av båtplass i ny hamn vil styret krevje eit depositum på 15 000 kr. - Vedtaket som vart gjort i møtet i kommunen 2. juni vart lest opp. Ordet vart deretter fritt, og salen kunne komme med synspunkt, spørsmål o.l. Frå diskusjonen etter styret sin presentasjon:
- Området ved den nye småbåthamna er regulert til museumsdrift, og brygga er derfor mogleg å flytte dersom Nordfjord Folkemuseum skulle ynskje å ta området i bruk sjølv.
- Kva gjer vi om bryggene må flyttast? Kor skal dei då leggast? Dette har ikkje styret svar på pr. i dag.
- Båtane i den nye hamna vil ikkje kunne ligge der om vinteren. Dei vil då flyttast over i den gamle hamna, då mange av båtane som ligg der vert tekne på land om vinteren.
- Gloppen kommune er truleg positive til å la småbåtlaget nytte området langsetter slaktehuset til vinterlagring av båtane.
- Dei største båtane må ligge i den nye hamna. Den gamle hamna er ikkje dimensjonert for båtar over om lag 32 fot.
- Styret tør ikkje gå lengre ned i pris på nye båtplassar, det vert for stort restlån til at vi kan klare det..
- Eksisterande medlemmar med båtplass skal ikkje betale ekstra for sin eksisterande plass.
- Det vert vanskeleg når dei som allereie har båtplass vil ha større plass og evt. må ut i ny hamn. Kva pris skal ein då ta for den nye plassen?
- Nokre av møtedeltakarane sakna prisalternativ pr. plass om det vart lagt ut t.d. 20, 30 eller 40 nye plassar. Styret hadde ikkje dette, då vi har arbeida under stort tidspress for å få bryggene ut denne sesongen.
- De kom synspunkt på at det er så lite å spare på ulike pristilbod og alternativ at det er ikkje verd alt arbeidet og tida det tar. Det viktigaste er å komme i gang snarast med å legge ut nye båtplassar.
- Andre stadar i landet kostar båtplassar mange gongar den prisen ein legg opp til her, så vår pris er absolutt ikkje urimeleg.
- Eit anna alternativ som har vore undersøkt tidlegare er å utvide eksisterande båthamn mot Fiskå Mølle. Då vil berre mudringa komme på 900 000 kr, i tillegg kjem brygger, molo o.l. Dette vil truleg bli dobbelt så dyrt som styret sitt framlegg på dette årsmøtet. - Diskusjonen konkluderte med at årsmøtet berre skal ta stilling til om prosjektet skal setjast i gong, og om styret får løyve til å ta opp lån. Så kan styret få fullmakt til å jobbe vidare med å finne beste løysing med tanke på pris og type tilbod.
Framlegg til vedtak:
Det ekstraordinære årsmøtet i Sandane småbåtlag 13. juni 2006 gjev styret i småbåtlaget fullmakt til å realisere utviding av småbåthamna. Omfanget av utvidinga er avgrensa til eit lån på 300 000 kr. utover det ein har seld plassar for. Vedtak:
24 medlemmar stemte for framlegget til vedtak. Framlegget vart dermed vedtatt. Sandane 18.06.2006 Ann Karin W. Ose   
sekretær
Bjørn Pettersen   Jon G. Eide
medlem i småbåtlaget  medlem i småbåtlaget

Referat frå styremøte 12.06.06 

Tilstade: Olav Søreide, Oddny Grotle Føleide, Ragnald Søreide, Odd-Arne Kolseth, Ernfred Øygard, Ann Karin W. Ose

Sak 1 - utviding av hamna
- Nordfjord Hamn seier at dei ikkje har merknadar til planane om ny hamn. Vi får brev om at alt er i orden. (Kystverket sa dei ikkje hadde noe med slike saker å gjere, det er Nordfjord hamn som avgjer dette.)
- Vi ser for oss at vi tar opp 1,2 mill. i lån, og betalar tilbake om lag 800 000 kr ganske snart.
- Oddny har registrert oss i Brønnøysundregisteret, då banken treng eit organisasjonsnr. å tinglyse lånet mot. NB! Husk å endre registreringa i Brønnøysund når vi skifter styre!
- Lån: fått tilbod om eit serielån på 1,2 mill over 5 år, månadlege terminar, nominell rente på 4,9 %, effektiv rente 5,019 %. Sikkerheit er primært driftstilbehør (bryggene), sekundært kundefordringar (pengar som laget får inn som t.d. medlemskontingent). Vi må passe på at renteutgiftene vert med i reknestykket for nye båtplassar.
- Dei som ynskjer ny båtplass må betale det det kostar. Styret må presentere utgiftene slik dei faktisk er, potensielle kjøparar må bestemme seg for om dei ynskjer å betale eller ikkje.
- Prisen i følgje Liland sitt tilbod vert 52 000 kr for ein plass på 3,5 m, småbåtlaget sel dei for 45 000 kr. Sak 2 - diesel
- Det er vanskeleg å få ein konkret pris på bodet frå Leiv Arne Austrheim.
- Vi ynskjer å få avgjort saka så snart som mogleg, og Leiv Arne har sagt vi skal få ein pris innan jonsok. Sandane 17.06.06
Ann Karin W. Ose
sekretær



Pinseturen 2006
 
SSL: Ragnald Søreide

Så vart det Pinsetur i år også. Været var ikkje det aller beste, starta med regn og kuling, men vi meinte det ville "lette" etterkvart.



Mørke skyer trugar med regn

Første kvelden var det Rugsund som fekk besøk, i eit ufysleg vær. Det var ca. 5-6 båtar som møtte første kvelden. "Den harde kjerne".

Vel, over natta gjekk vi til Måløy for litt handel. Etter kvart kobla fleire båtar seg på, så då vi kom til Selje var vel vi ca. 12-13 båtar. Fortsatt regn, regn og atter regn. Men vi hadde det fint i Selje,  med besøk hos kunstnaren Amdam, bading i stamp og i baseng. Om kvelden var vi i Frimansbua til eit godt måltid med reke. Det var god stemning, nokre hadde seg ein svingom på hotellet også.

Søndags morgen var det fortsatt regn, men då vi såg at det lysna mot vest, starta vi opp båtane og gjekk over til Silda. Sola begynte å vise seg og humøret var på topp, trass litt kald nordatrekk. Ein fin plass, og mange benytta litt tid til å spasere rundt om.



Silda i finvær

Det var også fiskekonkuranse som vart avikla på ein framifrå måte. Mange premia og glade barn. Ut på kvelden var det grilling av både fisk og pølse. Så litt "synfaring" i båtane før vi gjekk til ro.
Neste dag var det fortsatt sol og fint. Nokre båtar måtte begynne heimveien tideleg, så det minka litt etter litt. Turen inn Nordfjorden var i nydeleg vær.

Ein takk til turkomiten, Sjur Åge og Jan Kjetil, for ein opplevelserik og kjekk tur.



Referat frå styremøte 30.05.06

Tilstade: Jon Ingar Sørebø, Olav Søreide, Oddny Grotle Føleide, Ragnald Søreide, Ernfred Øygard, Ann Karin W. Ose

Forfall: Odd Arne Kolseth

Sak 1 - diesel
Framleis inga avklaring med Leiv Arne Austrheim. Vi setter ikkje i gang andre undersøkingar før Leiv Arne har gitt oss eit tilbod.

Sak 2 - utviding av småbåthamna
Museet er i utgangspunktet positive til utvidinga, men har nokre merknadar:
- brygga må ligge litt lengre vest, dei ynskjer fri sikt frå Holvikjekta mot Ryssdalhornet
- småbåtlaget og museet må lage ei skrifteleg avtale
- museet ynskjer ein representant frå småbåtlaget med i gruppa som skal leggje planar
  for heile området der ute
- museet ynskjer også at småbåtlaget kan vere med å rydde området

Vegen vidare mot utviding:
- Saka vert likevel behandla i kommunen fredag 2. juni
- Olav sender brev til alle medlemmar onsdag 31. mai med spørsmål om dei ynskjer å kjøpe plass i den nye hamna, eller om det er nokon som ynskjer større plass enn dei har i dag. Det kjem annonse i avisa fredag 2. juni med spørsmål om det er nokon utafor laget som ynskjer plass.
- Vi kallar inn til ekstraordinært årsmøte tysdag 13.06.06 kl. 20.00 i kinosalen på ungdomsskulen. Innkallinga står både i brevet og i annonsen som nemnt i førre punkt. På årsmøtet legg vi fram planar og ynskjer for ny hamn og området rundt, samstundes må finansieringa av ny hamn diskuterast. Vi treng eit årsmøtevedtak på opptak av eit evt. banklån. Før årsmøtet må følgjande gjerast:
- Olav hentar inn tilbod frå begge bankane på Sandane
- Ernfred lagar presentasjon av planane
- Ernfred reknar også ut nøyaktig pris på båtplassane
- Ragnald tegner ei skisse over området på land. Det er ikkje vi som eig området, men det 
  er kjekt å kunne sjå eit framlegg til korleis det kan bli der.

Styret møter i kinosalen kl. 19.30.

Sandane 01.06.06
Ann Karin W. Ose
sekretær



EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Det vert halde ekstraordinært årsmøte i Sandane Småbåtlag tirsdag den 13.06.06. kl. 20.00.

Stad: Gloppen Ungdomsskule, kinosalen.

Saker: 1) Utviding av hamna. 2) Finansiering.

Vi oppmodar alle medlemane til å møte.



Er du interessert i å kjøpe båtplass i den nye hamna?
Ta kontakt med Ernfred Øygard mobil nr. 95 10 28 87
Eller Ragnald Søreide mobil nr. 95 28 68 99

Dei som er interesserte i båtplass er og velkomen på det ekstraordinære årsmøtet.

-styret-



Referat frå styremøte 22.05.06.

Tilstede: Oddny Grotle Føleide, Ragnald Søreide, Olav Søreide, Ernfred Øygard, Odd Arne Kolseth, Ann Karin W. Ose.

Sak 1 - Møte med museet og stiftinga for Holvikjekta.
Styret vart overraska over at kommuneplanleggaren ikkje var nøgd med skissa han har motteke over planane for dei nye bryggene. Han ønskte ei perspektivskisse i staden, noko styret i småbåtlaget stiller seg undrande til. Ei slik skisse kostar mange tusen kroner, styret meiner at ein slik kostnad burde delast mellom kommunen, museet og småbåtlaget. Det er Gloppen kommune som eig tomta, og småbåtlaget kan ikkje legge planar for korleis kommunen si tomt skal sjå ut. Miljøet knytt til området rundt Holvikjekta og slaktehuset bør ein sjå på etterkvart, nå søkjer vi berre om å få leggje ut bryggene.

Det vart forfatta ny søknad på styremøtet. Gloppen kommune mottok denne tysdag 23.05.06. (Det synte seg å vere for seint for å få det opp på møtet i juni, neste møte er ikkje før i slutten av august.)

Det vert synfaring med grunneigarane onsdag 24.05 kl. 17.00, Firda Tidend vert også invitert til å vere med.

Skissa over bryggene samt ei oversikt over kva planar vi har, korleis vi jobber, kva vi gjer o.l. vert lagt inn på heimesidene våre.


Sak 2 - Diesel, Odd Arne orienterar.
Odd Arne har vore i dialog med Leiv Arne Austrheim på Statoil, og Leiv Arne meiner han konkurrere på pris med andre aktørar. Han er på leit etter ei brukt pumpe med kortavlesar, men har ikkje funne rett pumpe ennå. Leiv Arne har også snakka med Sjur Atle Austrheim om å få setje pumpa på brygga nedanfor Statoil.

Leiv Arne har bedt om å få litt meir tid på seg, og styre bestemte at vi ikkje ønskte å konkludere før vi har fått eit konkret tilbod frå Leiv Arne.


Sak 3 - Dugnad - framdrift, kva er gjort og kva er planane?
Det er rydda opp i kjettingane i hamna.
Brygge D har hatt dugnad og støypt og olja/beisa.

Vi treng ein stor-dugnad i småbåthamna, der ALLE medlemmane møter. Styret bestemte at hamnesjefen kaller inn dugnadsgjengen og setter opp liste over alt som skal gjerast. Dei finn også ein høveleg dato, setter inn annonse i avisa og legg det inn på nettsidene våre. Styret ynskjer dugnad på ein kvardag mellom t.d. 18.00 og 21.00.

Alle kan delta på dugnad. Ein treng ikkje vere stor og sterk eller kunne mykje om tekniske installasjonar for å delta. Det er alltid arbeid for alle, og det er viktig at alle tar ansvar for at båthamna skal vere ein trivleg og fin plass å vere.

Nokre båteigarar er plaga med måker som skit på båtane. Dette kan ikkje styret gjere spesielt mykje med, men vi har nokre tips til korleis ein kan redusere problemet:
- kjøp gummiorm/leikeorm (bokhandelen har sikkert) og legg på taket. Måkene er redde slangar, og dette vil nok hjelpe heilt til ein modig måke finn ut at det er juks
- vi har sett båtar med store ugler på taket. Det skal visst hjelpe med å halde måsane unna. (Heilt til den same tøffingen finn ut at ugla er juks også)
- fiskenett over båten skal hjelpe.

Sak 4 - Olav orienterar
Olav har sendt ut krav om innbetaling av medlemskontingent, hamneavgift, dei 500 kr til asfaltering o.l. for til saman 150 000 kr. Om lag 26 000 av desse er ikkje betalt inn ennå. Saldo på småbåtlaget sin konto er 86 591 kr, og vi har uteståande 26 655 kr.

Brygge D har olja brygga, og ber om at småbåtlaget dekker utgiftene til olja. Styret vedtok å dekke kostnadene, samstundes som vi oppmodar andre bryggesjefar til å følgje brygge D sitt gode eksempel!

Styret gav også hamnesjefen fullmakt til å løyve pengar til vedlikehald på bryggene. Han tar evt. ein telefon til formann eller kasserar for å sjekke at der er nok pengar på konto.

Sak 5 - pinseturen
Det er mange påmelde! Det er bra! Styret bestemte at ein slik tur ikkje kan ha avgrensa tal på deltakarar, og om det er problem med at ein ikkje får plass til alle på rekebordet, må vi finne andre løysingar. Alle som vil skal i alle fall få vere med!

Sak 6 - diverse
Orden i hamna: vi viser til årsmeldinga og årsmøtet. Styret ber om at alle konstruksjonar festa til brygga fjernes snarast. Om ein ynskjer vern mot regn, lag heller til ein presenning på sjølve båten.

Evt. nytt styremøte må vere før 20. juni.


Sandane 28.05.06
Ann Karin W. Ose
sekretær



Referat frå årsmøte 2005, Sandane småbåtlag

møtedato 07.03.2006

Sak 1. Val av møteleiar
Hans Lothe vart vald som møteleiar.

Sak 2. Godkjenning av innkalling og sakliste
Det var ingen merknader til innkallinga og saklista.

Sak 3. Årsmelding og rekneskap
Det var ingen merknader til rekneskap og årsmelding, den vart godkjend.
-Avlesing og fakturering av straum er manglande og må innskjerpast.

Sak 4. Val Framlegget til nye tillitsvalde i Sandane Småbåtlag vart vedteke:
Leiar: Oddny Grotle Føleide (1 år)
Kasserar: Olav Søreide (ikkje på val)
Sekretær: Ann Karin W. Ose (2 år)
Hamnesjef: Ernfred Øygard (2 år)
Styremedlem: Odd Arne Kolseth (1 år)
Styremedlem: Ragnald Søreide (2 år)

Varamedlemmer til styret:
Dagfinn Nyhammer (ikkje på val)
Morten Bolseth (ikkje på val)

Dugnadsgjeng: Jon Ingar Sørebø, Arne Samestad, Dagfinn Svangtun (alle for 2 år)
Revisor: Arne Henden (ikkje på val)
Valnemnd: Morten Bolseth (1 år), Per Inge Hole (2 år)
Turnemnd: Jan Kjetil Øygard, Sjur Åge Gimmestad (ikkje på val)

Sak 5. Kontingent mm.
Forslag:
a. Legge på medlemskontingenten med 500 kr
b. Eingongssum for dei som har båtplass med 500 kr

Vedtak:
Eingongssum for dei som har båtplass med 500 kr.
Vi held kontingenten uforandra for inneverande år.

Sak 6. Utviding av hamna
Hans Lothe orienterte om dette arbeidet. Ein har tre alternativ:
1. mudring mot vest
2. nye brygger innover mot Sandane
3. utgraving inni hamna

Vedtak: det nye styret overtar vidare arbeid.

Sak 7. Byggesak Fiskå Mølle AS
Ei fyldig og god orientering.
Motførestillingane frå småbåtlaget var støvforureininga. Fiskå Mølle forsikrar om at dei vil rydde opp dersom det skjer eit uhell.

Sak 8. Ymse
a. Dieselproblematikk
Hamnesjef og formann orienterte om korrespondanse med ulike oljeselskap. Det nye styret arbeidar vidare med saka.
b. Dugnadsnemnd c. Lån/leige av båtplass Det nye styret får fullmakt til å utarbeide retningslinjer for dette.
d. Deltaking i jubileet for Holvikjekta
Det har kome førespurnad om deltaking frå småbåtlaget. Det nye styret tek stilling til dette.
e. Vakt
Det må skjerpast inn at vaktselskapet gåt vaktrunder om natta. Styret tek dette opp med vaktselskapet.


Sandane 02.05.06

Lars Andreas Henden / Ann Karin W. Ose



Pinseturen 2006
Hallo alle båtglade! Her kjem invitasjon til ”ÅRETS HAPPENING”! Håpar mange har anledning å vere med på pinseturen i år.
Turen går til Selje med mange spennande opplevelsar både for store og små undervegs. Mvh Turnemnda   Jan-Kjetil & Sjur.

Detaljert program for pinseturen finn du her.



Referat fra styremøte 24. April 2006 Tilstades: Ernfred Øygard, Ragnald Søreide, Odd Arne Kolseth, Oddny Grotle Føleide, Dagfinn Nyhammer og Morten Bolseth. ( vara).  Ove Eide frå Museumet, Einar Holmøy og Bjørn Aurlien frå Gloppen kommune. Forfall: Olav Søreide og  Ann Karin Ose Sak 1. Utviding av havna.
Ernfred orienterte:
Prosjektet går ut på å legge ut ei bølgebrytande brygge, frå slaktehuset og innover. Denne brygga vil  ligge som ein dempar mot fjorden, og ha plass til båtar innanfor.
Denne brygga vil vere flyttbar, og vil derfor kunne flyttast om det vert behov for det.
Området er regulert til museumsforemål, og SSL ynskjer å gå i dialog med museumet for å få til eit område der som kan nyttast av begge partar. Museumet v/ Ove Eide  var i utgangspunktet positiv til ei  løysing, men vil invitere SSL til eit styremøte med museumet og stiftinga for Holvikjekta i nermaste framtid.
Der må SSL legge fram heilt konkrete planar om korleis ein har tenkt dette. Dei var skeptiske til for permanente anlegg, men ser ikkje negativt på eit anlegg som kan flyttast på.
Gloppen kommune var positive til ei slik utnytting av området.
Holmøy ville at SSL og skulle lage til ein plan korleis ein tenkjer molo/brygge, området på land, tilkomst etc.
Ernfred tek kontakt med Løken for å få laga til ei skisse over området snarast. Bjørn Aurlien vil lage til ei liste over grunneigarane i området og sende over på mail til leiar. SSL må lage til eit informasjonsskriv som går ut til alle grunneigarane i området.  Leiar ordnar dette. Museumet tek kontakt med bustyrar for A.Skrivarvik- eigedomen for å høyre om det er mogeliget for å knyte denne eigedomen til museumsområdet. Ein må og sende ein søknad til Gloppen kommune med  planer og skisse. Dette må gjerast før 20.mai.  Sak 2 Finansiering av ny havna Det innhenta tilbudet på eit slikt havneanlegg med 60 m brygge  er på 835.000.
Ernfred undersøker om dette tilbudet står ved lag. Ein må rekne med at dei nye plassane vil koste mellom 35.000 og 40.000.
Dette må  forskotsbetalast  av dei som kjøper plass. Resterande beløp må ein låne til. Sak 4. Forsikring Det vart opplyst på møtet at havner  ikkje blir  godkjent lenger av forsikringsselskap, men skjer der noko blir det vurdert i kvart einskild tilfelle. Sak 5. Diesel Odd Arne hadde vore i kontakt med både Farsund  og Naustheller, Esso og Hydro Texaco.
Esso og Hydro Texaco vil ikkje eige anlegget. Men dei kunne levere diesel til ein billigare pris enn Farsund og Naustheller.
Tanken og pumpa er dårlig og ein veit ikkje kor lenge eit slikt anlegg vil vare.
Alternative løysingar er å kvitte seg med det eksisterande anlegget, og kjøpe inn ein ny tank og ei pumpe. Då må båtlaget sjølv fakturere. Dette kan løysast med såkalla " diesel vakt". Fylling f.eks ein gong pr veke. Då vil den enkelte få giro med seg, og betaler så raskt som mogeleg. Odd Arne tek og kontakt med Statoil for å høyre om eventuelle løysingar der.
Saka utsett til neste styremøte. Sak 6 Dugnad Det må haldast dugnad i havna snarast. Ernfred tek kontakt med dugnadsgjengen. Følgjande må gjerast Rydde i området
Beise gjerdet
Brygge D- støype ferdig fundament og ryddast.
Rydde og vaske i bua Sak 7. VHF kurs Ragnald har undersøkt  om det er råd for småbåtlaget og arrangere eit  VHF-kurs.
Det må minst vere 15 stk. For å få til eit slikt kurs. Den 2.juni skal det vere eit kort kurs ( 3timar) i Sogndal..
Eventuelle interesserte tek kontakt med Ragnald for meir informasjon. Sak 8 Nettsider Det vart drøfta kva  ein skulle legge ut på nettsida ang. referat ol. Ein kom fram til at ein tek vekk personopplysningar som går på den enkelte medlem, og heller skriv  litt generelt.
Eyolt Johnsen er redaktør for nettsida, og vil i lag med leiar og  sekretær redigere det som skal leggast ut.
Nytt styremøte 22.mai



Årets første båttur



Nordfjord i blått - Tenk så mange flotte opplevelser vi har i vente! Nå er båtsesongen snart i gang for alvor - vi gleder oss! (Foto: Ann Karin W. Ose)




Vintersemning i Sandane Småbåthavn

Vinterstemning i Småbåthamna på Øyrane (Mars 2006)


Medlemmene sine e-post adresser vert etterlyst av
Ragnald Søreide


Mange av våre medlemmer bruker data og e-post dagleg. Vi i styret i Sandane Småbåtlag  ønskjer medlemmane sine e-postadresse slik at vi kan nå dei med viktig info.
Send  ein e-post til  rsoreide@hotmail.com (Ragnald Søreide) eller
olav.soreide@enivest.net

Årsmelding  2005 for Sandane Småbåtlag

Styret har vore samansett slik:

Leiar  : Hans Lothe
Sekretær : Lars Andreas Henden
Kasserar : Olav Søreide
Hamnesjef : Dagfinn Svangtun
Styremedlem : Odd Arne Kolseth Vararepr. : Morten Bolseth
Vararepr. : Dagfinn Nyhammer I 2005 har det vore avvikla eit årsmøte og 3 styremøte. Styret har også i år arbeidd med planane om utviding av hamna. Dette vil det verte orientert om på årsmøtet. Det er ein person i laget som i mange år har lagt ned mykje sjølvpålagt dugnadsarbeid i hamna. Vi kan takke Rolf Tennebø for at vi i år fekk ein flott oppdatert slipp. Styret vil
difor med dette gje han ei ekstra påskjønning for dette arbeidet. Økonomien i laget er som det føregåande året noko anstrengt, så vi vil fremje forslag om betring av dette på årsmøtet. Orden og system i hamna er ikkje heilt som det bør vere.  Dette vil verte teke opp på årsmøtet slik at vi får rydda opp i disse sakene. Dieselsystemet er også eit tema som vi må diskutere på årsmøtet. Styret har vore i kontakt med ulike selskap og vil orientere om dette. Fiskå Mølle AS vil verte invitert til årsmøtet for å orientere om utsleppsproblematikken. Turnemnda arrangerte ein tur til Batalden, men vergudane var ikkje på vår side så vi får seie betre lukke neste gong.

Styret


Referat fra styremøte 27.03.06 Tilstede: Oddny Grotle Føleide, Olav Søreide, Ernfred Øygard, Odd Arne Kolset, Ragnald Søreide, Dagfinn Svangtun, Ann Karin W. Ose
Sak 1 - handlingsplan 2006. Havna
Innerste brygge er i ferd med å bli ødelagt av isen. Årsaken er at brygga er festet med stag og ikke med kjetting. Styret diskuterte ulike løsninger: - brygga kan festes både med stag og kjetting, staga kan dermed kobles fra om vinteren. Dagfinn opplyste om at en kjetting bør være på minst 15 m, ellers blir det for stramt. Avstanden fra land til den aktuelle brygga er bare 5-6 m. - Eller man kan montere bobleanlegg. Styret er usikre bl.a. på hvor godt et slikt anlegg fungerer, om det har noe å si at det er så grunt i havna, hvor stor kompressor vi trenger for at det skal ha ønsket effekt o.l.
Konklusjon: Dagfinn sjekker litt med andre havner som har bobleanlegg. Lys
Lys på brakka er innkjøpt. Det skal også settes opp lys ved vinsjen, og Ernfred setter opp "gatelykt" ved dieselpumpa. Strøm
Alle må måle sitt eget forbruk, enten ved strømmåler i båten eller på bryggene. Strøm til drill, sag o.l. skal ikke faktureres, mens oppvarming og større strømuttak må man betale for. Olav sender ut eget informasjonsskriv om bl.a. dette sammen med fakturen for årsavgift. Havnesjefen leser av strømmen og rapporterer dette til kasserer. Styret vedtok en pris på 1 kr/kwt. Bryggesjef
Det oppnevnes en bryggesjef for hver brygge. Bryggesjefen skal holde oppsyn med sin brygge, sjekke at alt er i orden med bl.a. fortøyninger. Bryggesjefene rapporterer til havnesjefen. Ernfred lager en sjekkliste til bryggesjefene som henges opp ved bryggene.
Følgende bes om å være bryggesjefer:

  brygge A: Egil Silden
  brygge B: Dagfinn Svangtun
  brygge C: Jon Ingar Sørebø
  brygge D: Bjørkeland Dugnad
Det haster med en dugnad for og få gjort ting før båtene settes på vannet igjen 22. april. Ernfred kaller inn dugnadsgjengen snarest, de setter opp liste over hva som må gjøres og hvem som kalles inn. Staga må ordnes og kjettingene renses og ryddes opp i før båtene settes ut. Det blir dugnad 8. april. Søknad om ny båplass / utvidet båtplass
Det er pr. 01.03.06 16 stykker som ønsker å kjøpe båtplass. Olav kontakter hver enkelt på ventelista og sjekker om de fortsatt ønsker å stå der. Styret har fått inn nokre søknader om utviding av båtplasser. Søknadane er blitt behandla, og svar er sendt pr. brev. Det at folk nå kjøper større og større båter, er et problem for den havna vi har i dag. Bryggene er ikke dimensjonerte for båter over 35 fot, i tillegg skaper lange båter et problem for andre båter som må manøvrere utenom når de skal legge til. Vi trenger en ny småbåthavn! Ny småbåthavn
Kommuneplanlegger Bjørn Aurlien har ingenting imot å anlegge nye flytebrygger på motsatt side mot Holvikjekta, så lenge de er flyttbare. Området er regulert til museum, så vi må få til en dialog mellom småbåtlaget, museet og kommunen. Oddny tar i første omgang uformell kontakt med Aslaug Nesje Bjørlo og presenterer planene våre. Museet og Bjørn Aurlien blir invitert til neste styremøte, mandag 22. mai kl. 19.00. Sak 2 - diesel
Ordningen vi har i dag er for dyr og for dårlig. Alternative løsninger:
1. Småbåtlaget overtar pumpene fra Farsund og Naustheller for 5-10 000 kr. Da må vi kjøpe dieselen selv hos f. eks. Esso. De gir oss 30 dager kreditt + 30 dager betalingsfrist.
2. Både Esso og Hydro Texaco vil gi oss tilbud på dieselavtale, der de setter opp nye pumper o.l. og vi kan overta pumpene etter et visst antall år.
Konklusjon: Odd Arne sjekker tilbudene fra Esso og Hydro Texaco snarest. Sak 3 - Fiskå Mølle-avtale
Vi avventer denne saken til vi vet hva kommunestyret har bestemt. Sak 4 - Holvikjekta, markering av 125 års-jubileum
" Markeringen foregår høsten 2006.
" Styret er positive til deltaking.
" Tas opp på møtet med museet 22.05. Sak 5 - diverse
" Ang. uoverensstemmelsen i regnskapet på ca. 2 500 kr som Olav informerte om på årsmøtet: Dette skyldes en feilføring og er nå rettet opp igjen. Regnskapet er nå korrekt.
" Effekter: Sandane Småbåtlag har div. effekter for salg . Kart,  vimpler, genser etc. Ragnald vil ta seg av  salget, og oppdaterer, og innhenter nye tilbud. Neste møte: mandag 22. mai kl. 19.00 i GEV-bygget.
Sandane 29.03.06
Ann Karin W. Ose
sekretær